Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Katastrofen er eit faktum

Del | |
  Ein tjukk graut med olje i sjøen og tilgrisa strender var det som møtte Fedje-folket då det vart lyst laurdag morgon. Kravet om å få tilbake oljeverndepotet til Fedje var samstemt og sterkare enn nokon gong, mellom anna frå Ap sin fylkesordførarkandidat Gisle Handeland (biletet).
Publisert 13.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det var eit trist syn som møtte dei mange om hadde teke turen til Fyrsundet då det lysna i morgontimane laurdag. Ein tjukk oljegraut flaut i fjøra og hadde grisa til svaberg og strender. Det lukta sterkt av olja, slik at det var vanskeleg å vera nede i fjøra lang tid om gongen.



La ut lense

Utanfor Fedje gjekk det ei rekke med båtar fram og tilbake, utan at det såg ut som at noko skjedde. Men nokre av dei som var involverte i oljeverndeponiet på Fedje før det vart nedlagt ,og folk frå brannvesenet, starta arbeidet med å leggja ut ei av dei fire olje lensene som framleis er lagra i konteinarar på øya. Målet var å stengja inne den olja som hadde kome inn i Fyrsundet, slik at den ikkje skulle forureina andre stader. Då Strilen var på staden litt før klokka eitt laurdag, hadde dei lagt klar den eine lensa, og venta på ein båt. Men fleire gav uttrykk for  at dei hadde lita tru på at dette kom til å monna særleg for å avgrensa  skadane frå olja. NRK  hadde vor ute i båt nord i kommunen, og meldte om mykje olje der. Dei meldte og om sjøfugl som var tilgrisa av olje eller som drukna i oljeflaka.



Dårleg ver
Vertilhøva i området er vanskelege. Vinden løya litt mot laurdag føremiddag, men tok seg seinare opp igjen. Mot kvelden og natta skal vinden auka på. Tor Christian Sletner frå Kystverket, uttala i media at det er vanskeleg å leggja ut lenser så lenge bølgjene er høgare enn tre meter. Han sa og at det er godt med oljevernutstyr i området, mellom anna i dei fire slepefartya og dei tre kystvaktskipa som skal liggja utanfor Fedje. Kystverket har også meir oljevernutstyr på veg. Sletner reknar med at oppryddinga vil ta eit halvt år, og vil krevja innsats frå mange menneske.
Slik vermeldingane ser ut no, kan det altså gå lenge før det eventuelt vert lagt ut lenser i særleg omfang.
Frampartiet på «Server» vart slept vekk frå området, og ligg no på ein seks meters grunne på CCB-basen på Ågotnes. Akterskipet, som også inneheld olje, ligg framleis delvis under vatn ved havaristaden (sjå biletet). Skipet vart brote i to delar der den største oljetanken med 290 kubikk tungolje låg. Kystverket meiner det er sannsynleg at denne olja har kome i sjøen.

Årsaka uklar
Årsaka til forliset var framleis uklar då dette vart skrive laurdag ettermiddag, men det vert antyda at skipet kan ha fått motorstopp eller motortrøbbel. Lensmann Einar Vatne uttala i NRK laurdag at ting kan tyda på at kapteinen har venta for lenge med å senda ut naudmelding.
Skipet gjekk på grunn ein time etter at statslos vart sett i land på Fedje, opplyser Kystverket. Losen fortel at seglasen frå Årdalstangen til Fedje gjekk som normalt. På grunn av tryggleiksmessige årsaker, i samband med dårleg ver, avtala kapteinen og losen at seglasen skulle gå på innsida av Fedje, og utsegling ut Fedjeosen, opplyser Kystverket.

Knakk i to
Då trafikksentralen på Fedje oppdaga at skipet ikkje segla som normalt, vart skipet umiddelbart kontakta og beden om å halda vestleg kurs, opplyser Kystverket. Trafikksentralen skal frå dette tidspunktet ha hatt kontinuerleg kontakt med skipet. Kapteinen stadfesta vestleg kurs, men trafikksentralen observerte at skipet held fram med å drifta i nordleg retning, mot Hellisøy. Då kontakta trafikksentralen taubåtar til området. Det vart gjeve melding om grunnstøyting klokka 18.25. Mannskapet vart seinare evakuert og skipet knakk i to rundt klokka 23 fredag kveld.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt