Kikhoste-utbrot på Rossland
MELAND: Tretti tiandeklassingar fekk vaksine onsdag.
Endret 03.11.11 10:10
Så langt er det slått fast kikhoste for fire elevar på tiande trinn ved Rossland skule, og ein elev på niande trinn. Men fleire prøvar er til sjekk og talet kan stiga, med tilfelle både mellom elevar, foreldre og andre som har vore i kontakt med elevane.
– Kring tretti elevar i tiande klasse fekk onsdag ein såkalla «booster-dose», ein tilleggsvaksine som skal beskytta dei mot kikhoste i mange år framover, seier kommunelege i Meland Tord Moltumyr.
I tillegg vart det gjeve slik tilleggsvaksine til lærarar ved skulen.
– Måndag vert det ein ny runde med vaksinering på Rossland, til niandeklassingar og til tiandeklassingar som ikkje var på skulen onsdag.
Hundre dagar
Kikhoste kan vera farleg for nyfødde og for småborn som ikkje er vaksinerte. For alle andre vil sjukdomen gå over, men det kan ta inntil tre månader.
– Kikhoste vert då også kalla «hundredagarshoste», seier kommunelege Moltumyr.
– Det er plagsamt å gå med dette i månadsvis, og kanskje særleg for dei som no er avgangselevar i ungdomsskulen.
Det dukkar stadig opp spreidde tilfelle av kikhoste, og i 2010 var det tjue registrerte tilfelle i Meland. Men det var enkelttilfelle utan samband mellom dei sjuke, medan det no er smitte mellom elevar på same klassetrinn.
– Det er mange år sidan sist det var eit tilsvarande tilfelle, det var her på Frekhaug på folkehøgskulen. No prøver me å stoppa utbrotet på Rossland før alle vert sjuke.
Alle har fått
Dei aller fleste born vert vaksinerte mot kikhoste, men verknaden av denne går ut etter kvart. På 2000-talet starta ein med å gje tilleggsvaksine til alle andreklassingar, slik at alle som er fødde i 1998 eller seinare skal stilla sterkare mot sjukdommen.
– Elevane som går i åttande klasse på Rossland fekk slik tilleggsvaksine i andreklassen. Men dei i niande og tiande fekk det ikkje, og verknaden av vaksinen dei fekk som småborn har nok gått ut, seier Moltumyr.
Hygiene
Kommunelegen håpar at utbrotet brenn ut av seg sjølv, ved at resten vert vaksinerte og at dei som er sjuke ikkje smittar nye.
– Det som gjeld er å ha god handhygiene, og ikkje hosta inn i hendene. Dei som er sjuke bør unngå å ha kontakt med nyfødde og uvaksinerte småbarn, seier Moltumyr.
Kikhoste-smitten er mellom folk til ei kvar tid, og sjukdommen dukkar dermed opp innimellom. Typiske symptom på sjukdommen er kraftige hosteanfall, ofte til ein brekker seg. Kvelningsfornemmingar er også vanleg.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




