Kine gler seg til kongelaget
Endret 20.08.07 10:49
Viss ikkje noko heilt spesielt skjer, er Kine å finna på kongelaget, der skytinga går direkte på fjernsyn i NRK1.
Resultatet Kine oppnådde på dei 25 skota tysdag, er det beste nokon kvinneleg skyttar har oppnådd på Landskyttarstemnet. Viss Kine greier å halda nervane under kontroll, kan ho verta den første kvinna noko gong som vinn baneskytinga på Landsskyttarstemnet.
Nervøs anvising
? Eg var ikkje nervøs under skytinga tysdag, men nervane kom under anvisinga, fortel Kine.
Då får skyttarane sjå kor godt dei har skote.
Kine skyt i klasse 4, normalt dei nest beste skyttarane. Ho har skote like gode omgangar før, men aldri på Landsskyttarstemnet.
? No skal eg ut og sjå på skyttarane i klasse 5, sa Kine til Strilen i går føremiddag.
Det er denne skytinga som avgjer kven Kine skal skyta i lag med på kongelaget, og kor godt utgangspunkt ho har før finaleomgangen, der ein skyt ti skot.
Kjekt
Kine Gjerstad Eide er elev på toppidrettsgymnaset på Lillehammer, der ho har skyting som spesialgrein.
? Det har ført til at eg har fått trent ganske mykje, seier ho.
Å skyta direkte på fjernsyn med «halve Noreg» som publikum tykkjer ho vert berre kjekt, og ho trur ikkje ho vert så nervøs heller.
? Eg skal prøva å konsentrera meg om skytinga, seier ho.
Laurdag får me vita om Kine vert historisk. Viss ho ikkje skyt seg heilt bort, har ho i alle fall sjansen til å få ei topplassering.
I feltskytinga gjekk det dårleg.
? Eg trur eg må ha dunka borti noko, for siktet vart heilt skeivt, fortel ho.
Når det gjeld samlagsskytinga, måtte Kine vika plassen for ein annan lindåsing, Rune Seim. Han skal skyta på laget til Hordaland skyttarsamlag.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




