Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kine vart nordisk meister

Del | |
LINDÅS: Skyttar-kronprinsessa Kine Gjerstad Eide tok ein andreplass individuelt og to lag-gull i Nordisk ungdomsmeisterskap i Overhalla i helga. (Foto: DFS)
Publisert 04.09.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Kine Gjerstad Eide skaut seg til sølv i individuell baneskyting og gull med dei norske lagkameratane på både felt og bane under den nordiske meisterskapen som gjekk føre seg i Overhalla i Nord-Trøndelag i helga.
? Eg er veldig godt nøgd med plasseringa. Det var kjempekjekt å vera med, seier Kine Gjerstad Eide.

Høge krav
I år var første gang ho var gamal nok til å vera med på Nordisk ungdomsmeisterskap. Den unge jenta set høge krav til seg sjølv, og sjølv om ho tok andreplassen med 322 poeng, mot vinnaren Sigurd Sollie sine 325, var ho ikkje heilt nøgd.
? Eg skaut 231 poeng i innleiande rundar. Det er eg ikkje heilt nøgd med, for eg veit eg kan betre. Men det er ikkje alltid lett å skyta optimalt, seier Gjerstad Eide.

Ny erfaring
Under den nordiske meisterskapen lærte ho også ein del nytt.
? Det var andre folk, som hadde heilt andre vanar på standplass. Me er vane med å skyta raskt og eg følte eg nesten hadde god tid, men dei frå Sverige og Danmark vart veldig stressa. Dei skaut tre skot kjemperaskt, og så var det fram med skrujerna for å stilla på geværet innimellom. Då følte eg meg nesten litt rutinert, seier Gjerstad Eide.
Skytinga i eit nordisk meisterskap skil seg litt frå programmet på dei vanlege DFS-stemna. Mellom anna er skiva som vert nytta på 300 meter mindre enn vanleg, med ein tiar som er ti centimeter i diameter, og ikkje femten slik Gjerstad Eide er van med.
No håpar skyttarkronprinsessa å tilbringa haustferien på stemne i Tyskland.
På Nordisk meisterskap deltok også Rune Seim. Han fekk ein fin andreplass i feltskyting.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt