Kjærleg hokatt manglar heim, og ungane sine
KNARVIK: Siste innkomne katt på Knarvik dyreklinikk er ein hokatt med mjølkespreng som saknar ungane sine.
Endret 11.08.11 11:54
– Me fann ho ved badevika på Hestnes. Ho hadde menneskeoppkast på seg då, men me har vaska henne, seier Natasha Berg-Manum.
Dyrlege Sondre Halsne Juvik sjekkar munnen, hjarte og allmenntilstanden til katten som ikkje er eit år sjølv enno. Katten er tam, snill og kjærleg, så ho har nok hatt ein heim, trur han.
– Dette er den friskaste katten du har komme inn til oss med, trur eg, seier Juvik letta.
Dyrlegen konkluderer med at helsa til pus er god, men at pattane er fulle av mjølk.
Kallar på ungane utan hell
– Det er sikkert ikkje meir enn eit par veker sidan ho fødde, seier Juvik.
Natasha har alt gått frå hus til hus i området mellom Grasdal ungdomshus og Hestnes, utan å finna eigar eller kattungar. Ho har óg hengt opp plakatar med bilde av katten utan hell.
– Ho skrik etter ungane når me kjem til visse plassar langs vegen, men ho har inga aning om kvar ho er, så me trur ho har vorte dumpa av nokon, seier Natasha.
Ho er eit kjend ansikt på Knarvik dyreklinikk, for ho klarer ikkje å sjå at dyr lir. Feriepengane i år har alt gått med til medisinar, behandling og spesialfôr til ein annan katt ho fann dødssjuk. Det vart kring 5000 kroner i behandling.
– Eg kan berre gjera så mykje, seier Natasha.
Ho er takksam for den hjelpa ho får på dyreklinikken, og seier at utan dei hadde det ikkje gått.
Treng ny heim
– No er eg desperat etter å finna eigaren, kattungane eller nokon som vil gi katten ein ny heim.
– Det kan jo henda nokon har kattungar som manglar ei mor, seier dyrlegen og rår ho til å ringja rundt på klinikkane.
Om nokon vil ta inn pusen, må dei vera villige til å betala for vaksinering, chipping og sterilisering.
– Er ein ikkje villig til å gjera det for katten, bør ein ikkje ha katt, seier dyrlegen.
Knarvik dyreklinikk får altfor mange telefonar om uønska kattungar.
Kan ta problemet ved rota
Juvik vart ikkje dyrlege for å ta livet av friske dyr, men det er noko han ofte vert beden om.
– Problemet ved rota er katteeigarar som ikkje kastrerer/steriliserer katten sin, seier Juvik.
Det einaste han er glad for å avliva, er mytane som finst rundt kattehald.
– Mange har ein førestilling om at katten liksom skal ut og leva livet og ha seg med alle. Det skal liksom vera så naturleg, men me har faktisk avla fram og skapt ein tam katt. Då fungerer det ikkje med ein slik tankegang. Villkattane lir jo, seier dyrlege Sondre Halsne Juvik.
– Det er ikkje lenge sidan me henta ei kattemor med fleire kattunger frå utanfor ein matvarebutikk. Det kan vera instinkt som får dei til å gøyma seg bort, men løysinga er å kastrera/sterilisera kattane tidlig, helst før dei får løpetid om våren og sommaren, seier Juvik.
Menn kvir seg mest
Menn er spesielt beskyttande overfor hannkattane sine, og orkar ikkje alltid tanken på kastrering.
– Me har nok av dei med misforstått medkjensle. Men innan to månadar har dei gjerne vore innom fleire gonger med ein katt med bittsår etter slagsmål. Då spør me om me ikkje skal kastrera katten samtidig, seier dyrlegen.
Spreier sjukdom
Ukastrerte hannkattar er spreiarar av den dødelege virussjukdomen katteaids (FIV). Opp mot 80 prosent av alle ukastrerte hannkattar som går ute i Bergensdistriktet, vert ramma av denne epidemien, ifølgje tal frå Dyrebeskyttelsen.
– Katteaids smittar berre gjennom blod. Som oftast skjer dette når hannkattane slåst, men det kan også overførast til hokattar når hannkatten bit hoa i nakkeskinnet under paring, seier Juvik.
Sjukdomen gjer ofte at sår ikkje gror, men vert infiserte og gjev katten store lidingar.
Dyrlegen legg vekt på at det finst mange katteeigarar som tek ansvar, og at det er desse som oftast brukar dyreklinikkane.
– Marit Holmaas i Hus til pus ser nok mykje som me aldri får gjennom døra her hos oss, seier Juvik.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




