Kjeder i kø for hotell på Flatøy
Endret 20.08.07 10:49
? Flatøy og resten av søre Meland og Lindås er eit pressområde. Eg trur ikkje ein kan klara å halda att for til dømes ei hotell-etablering, seier Are Nygård.
Han ser også sjansar for at eit lokalt badeland kan verta ein del av etableringa.
Som talsmann for grunneigarane opplyser han at det er full semje om ei plassering i Midtmarka ? utan at ein konkret tomt er plukka ut.
To kjeder interessert
? Eg kan stadfesta at to internasjonale kjeder alt har meld si interesse for å satsa på Flatøy. Dette er kjende kjedar som alt er etablert med hotell andre stader i landet, opplyser Tore Jensen i Opus Bergen, som deltek i arbeidet med utarbeiding av ein ny reguleringsplan for området.
Jensen viser til at utsendingar frå eine kjeda alt har vore på Flatøy.
? Dei fekk ei «aha-oppleving» då dei kom til Flatøy, etter å ha sett på fleire aktuelle plasseringa i Bergens-området, seier Jensen.
Både Are Nygård og Jensen viser til at det er få hotell av «Solstrand»-typen i området rundt Bergen, med fokus på opplevingar. Begge vurderer marknaden for denne typen hotell som god.
Badeanlegg?
? Næringa har no tatt til å sjå nærare på området nord for Bergen. Og det er her Flatøy peikar seg ut. Området eignar seg langt betre for eit opplevings-hotell enn for eit tradisjonelt forretnings-hotell. Ei slik etablering vil ikkje koma i konkurranse med Alver hotell og Westland hotell, meiner Tore Jensen.
Den mest aktuelle plasseringa er aust for Søre Eidavika.
Han listar opp fleire moment og fritidsopplevingar som gjer det lett å «selja» Flatøy.
? Nærleik til Bergen og E39.
? Nærleik til ei internasjonal golfbane.
? Nærleik til sjø.
? Ligg i eit vakkert turområde.
Jensen reknar at nærleiken til sjø gjer det aktuelt å laga utandørsbasseng i tillegg til innebasseng og spa-anlegg.
Område for bustader/leilegheiter ligg også inne i den utviklinga Opus ser for seg for Midtmarka.
Jensen meiner det er viktig å halda industri/næring borte frå eit slikt hotell-område. På andre sida av E39, i Rotemyra, vil industri/næring vera uproblematisk for ei hotelletablering i Midtmarka.
Hotell først
Både Jensen og Nygård viser til at det ikkje er interesse for ei hotelltomt på toppen av Flatøy, som i mange år har vore avsett i den gjendande planen.
Interessa for hotell-satsing i Midtmarka kom fram på eit møte på rådhuset i Meland 6. desember. Der var både den politiske styringsgruppa (planutvalet) og administrasjonen si plangruppe med, pluss Are Nygård for grunneigarane og Tore Jensen frå Opus Bergen.
? Frå grunneigarane la me fram ei felles innstilling. Noko konkret plassering av til dømes hotell, har me ikkje tatt stilling til. Det må avklarast i den vidare prosessen mellom administrasjon og politikarar, meiner Are Nygård.
Nygård meiner elles at veg gjennom Midtmarka heilt fram til Håøya, vil gjera det lettare å ta vare på dette statlege friluftsområdet. Det kan skje ved å få fram tyngre maskiner enn Bergen og Omland Friluftsråd i dag gjer sjøvegen.
I referatet vert det vist til at det «var semje om å ikkje opna for bygging rundt sjølve Eidavika, då dette er for verdifullt som friluftsområde».
Politikarane fann det
interessant å gå vidare med dei nye hotellplanane med bustadområde rundt. Det
vert sett på som viktig at eit hotell kjem først, går det fram av referatet.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




