Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
– Kjekt å hjelpa til

– Kjekt å hjelpa til

Del | |

Vidar Myksvoll (48) likar godt å hjelpa til, men veit ikkje heilt om det er rett å kalla han for ei eldsjel.

Publisert 02.01.12 18:22
Endret 02.01.12 18:22

–Eldsjel er vel mest brukt om ein som brenn for ei bestemt sak, og det passar gjerne ikkje heilt på meg. Eg hjelper til fleire stader. Men tusen takk for heideren, seier Vidar Myksvoll etter at han har fått diplom og blomar på Strilen i går føremiddag.

Myksvoll, som til dagleg jobbar i eigedomsavdelinga i Lindås kommune, har ikkje unngått å få med seg at han låg godt an i avstemminga på Strilen si heimeside.

– Eg fekk kjapt tilbakemeldingar frå kolleger og andre som syntest det var kjekt at eg var nominert og opplyste at dei hadde stemt på meg. Så forstod eg etter kvart at eg låg i tet, men ein kan jo aldri vita korleis det ville gå i innspurten, seier Myksvoll.

«Svært aktiv sambygding»
Då fristen for å stemma gjekk ut, var det likevel ikkje tvil:

Myksvoll var på topp med dobbelt så mange stemmer som den neste nominerte. Det var kanskje ikkje så rart når det var mange lag i heimbygda og Seim elles som stod bak nomineringa av Myksvoll.

Blant anna Seim Musikklag, 4H, grendahuset, Lynghei­senteret, soknerådet, bedehuset, Myksvoll meieri og FAU kom med argument for å kåra Myksvoll til «Beste eldsjel». «Svært aktiv sambygding» var overskrifta Myksvoll vart presentert med i Strilen.

– Det er mange som hjelper til og fortener ein heider. Å plukka ut ein vert ikkje alltid heilt rett. Når nokon berre planlegg og spør, då er det utruleg kva ein kan få bygdefolk med på, seier Myksvoll sjølv om tittelen.

– 4H viktigast
Sjølv plukkar Myksvoll ut 4H som favorittlaget der han synest han stiller mest opp. Til dømes var det mykje dugnad som skulle gjerast då klubben i 2010 hadde mykje av det tekniske opplegget kring poesifestivalen på Lygra. Klubben hadde det og travelt som arrangør av distrikstleir i fjor.

– Eg kom sjølv med i 4H som medlem då eg var 14.

– Kva var tema for den første oppgåva?

– Det var nok friluftsliv.

Svaret peikar ut den hobbyeaktiviteten som Myksvoll føretrekkjer å bruka aller mest tid på.

Takk til dei heime
– Jakt står for tida på vent. Det eg likar aller best, er å få gå turar, blant anna på fjellet.

Friluftsinteressa medverkar til at bøndene på Lygra ikkje får nei når dei spør om å hjelpa til med å henta inn villsauer. Myksvoll trivest også svært godt som tubaist i Seim Musikklag, så han vert svar skuldig når Strilen spør om den kjekkaste frivillige innsatsen i fjor.

– Var det noko du ikkje fekk tid til å hjelpa til med?

– Eg må vel kanskje innrømma at eg burde gjort litt meir i og rundt heimehuset! Så dei der heime må få noko av heideren, sidan dei let meg få «gå som eg går», seier Myksvoll, med ein smil på lur.

Når han stiller opp på dugnad og elles, understrekar han at det er avdi han har lyst til det.

– Det er jo kjekt å vera med og samarbeida og jobba med mange kjekke folk! seier Myksvoll



Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt