Kjempar for å få byggja i Skjelsundet
Endret 20.08.07 10:49
? Her kan eg verkeleg tenkja meg å byggja hus, seier Espen Angeltvedt (26) til Strilen.
Han er ein av åtte unge interessentar som har sagt frå om at dei ønskjer å byggja hus i det nye byggjefeltet i Skjelsundet, før planane er godkjende.
Alle åtte bur i Nordbygda no eller er oppvaksne der. Nokre er einslege, andre er sambuarar og ein har familie.
Angeltvedt jobbar på eit fiskeoppdrett i nærleiken.
? Eg er klart til å begynna å byggja så snart planane er godkjende, seier han.
Ikkje gje seg
I den nye kommuneplanen for Masfjorden er det lagt ut eit mindre byggjefelt i Skjelsundet, på fastlandet mellom Hosteland og Areklett. På ein skissert plan er det avsett elleve tomter. Men Fylkesmannen har sett foten ned, fordi byggjefeltet ligg i forbodsbeltet hundre meter frå sjøen. Men det har ikkje politikarane i Masfjorden tenkt å bøya seg for.
? Me vil kjempa for dette byggjefeltet. Her er det unge som vil busetja seg, og er det noko kommunen treng, så er det det, seier ordførar Håkon Matre til Strilen.
Ta det ut
Kommuneplanen kjem opp i kommunestyret torsdag, og før den tid håpar ordføraren å få til eit møte med Fylkesmannen, for å sjå om ein kan finna ei løysing som gjer at Fylkesmannen trekkjer si motsegn.
? Viss ikkje, tek me feltet ut av planen for å hindra at denne saka skal trekkja ut godkjenning av planen. Så tek me opp byggjefeltet som ei eiga sak, seier Matre.
Å leggja denne saka i skuffen er ikkje aktuelt, sjølv om enkelte av tomtene berre ligg 25-30 meter frå sjø.
Mindre naust
Når det gjeld dei andre motsegnene som har kome frå Fylkesmannen og fylkeskommunen, reknar Matre med at dei er ute av verda. Politikarane har bøygt seg litt når det gjeld nauststorleik og har gått ned frå 80 til 60 kvadratmeter som maksimumsstorleik. Fylkesmannen ville ha 45 kvadratmeter som øvre grense.
Den andre saka som har skapt problem, er retten til å byggja hus nummer to på gardane på utskild tomt. Her vil ein truleg leggja opp til ein praksis med dispensasjon frå kommuneplanen, men utan å krevja inn dispensasjonsgebyr. Dette gjeld også garasjar og andre mindre bygg.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Mobilbruk lagar misnøye
På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]




