Kjøpefest med sur svie
Stadig fleire strilar har problem med å gjera opp for seg.
Endret 06.01.12 18:22
– Me har ein auke i namssaker på 23 prosent frå 2010 til 2011, og det er urovekkjande, sa lensmann Einar Vatne på den årleg pressekonferansen der politidistriktet legg fram tala for fjoråret. Auken er langt større enn folkeveksten, og også langt større enn auken elles i Hordaland.
– Me har ikkje noko god forklaring på kvifor me har fått den store auken her, men ei årsak er rett og slett at folk kjøper ting utan at dei har råd til det. Eg var innom ein butikk i Åsane før jul, og der fekk eg opplyst at svært mange kjøper julepresangar på kreditt, sa Vatne.
Stadig yngre
Han kunne og fortelja at det er stadig yngre folk som må søkja om gjeldsordning fordi dei ikkje klarar å betjena gjelda si.
– No er det ikkje uvanleg at folk i 20-åra må søkja om gjeldsordning. Slik var det ikkje tidlegare, sa han og meinte at unge i dag er meir utolmodige og vil skaffa seg ting raskare enn dei har råd til det.
– Ofte er det kjøp av reine forbruksvarer som skapar betalingsproblema, det treng ikkje vera så store summane i utgangspunktet, seier Mariann Moe, som er seksjonsleiar for sivil- og forvaltningssaker ved politidistriktet og møter dei som får betalingsproblem. Manglande betaling av straum- og mobiltelefonrekningar er også ganske vanleg, og når ting går til inkasso, vert summane raskt store.
Missa bilen
I første omgang kan ein få påleggstrekk i løn eller trygd, men viss ein ikkje klarar å gjera opp for seg på annan måte, vert det utleggsforretning, og då kan til dømes bilen ryka.
Les meir i Strilen si papiravis laurdag.
Eit steg vidare for «Gullvegen»
Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.
Blant Hareides topp tre
Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.
Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør
LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.
Kjørte på land i fylla
LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.
Siste kortnytt
- Fire beltegebyr på Fedje [22.02.12 15:38]
- Fekk dårleg samvit [22.02.12 15:38]
- Fyrverkeri på bensinstasjonen [21.02.12 10:22]
- Åtti i femtisona [21.02.12 10:21]
- Utforkjøring på Lauvås [18.02.12 21:51]
- Brosvik ny leiar i Gulen KrF [15.02.12 16:12]
- Elevdyst i sveisefaget [15.02.12 16:18]
- Overtek ny veg i Litlebergen [15.02.12 16:08]
- Stadvis svært glatte vegar [15.02.12 09:40]
- Opprykk for Masfjorden [13.02.12 18:28]
- Krimdominans på utlånsliste [13.02.12 18:22]
- Hjellebollar i Knarvik [13.02.12 18:19]
- Maurstad også til Fedje [08.02.12 18:34]
- Kulturskulen i Lindås på nett [08.02.12 18:24]
- Ny runde for Sæbørevyen [08.02.12 18:23]
- Traktor i grøfta [06.02.12 12:55]
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
Mest lest
- Dødsulukke i Hjelmåstunnelen [08.02.12 15:19]
- Politi på fisketur [09.02.12 18:43]
- Trafikksmell på Lindås [15.02.12 14:09]
- Skal det vera ein ubåt? [06.02.12 13:08]
- Må fjerna fire tiltak eller få bot [09.02.12 09:58]
- Hadde narkofabrikk heime [06.02.12 13:10]
- Evas private spa [18.02.12 17:34]
- Ellevill NM-jubel [14.02.12 09:17]
- Men gjerdet var lovleg likevel! [15.02.12 16:06]
- Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja [09.02.12 18:54]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Protesterer mot «tvilsam» ankring [02.02.12 10:32]
- Kjørte på land i fylla [19.02.12 00:21]
- «I Nigeria då bilen vart stolen» [17.02.12 17:17]
- Tre mistenke for fyllekjøring [30.01.12 10:29]
- Fekk krympa Lindåshallen [31.01.12 12:02]
- Brassfest i Bergen [11.02.12 13:34]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





