Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Kjøper straum frå Sogn

Kjøper straum frå Sogn

Del | |

Lindås, Masfjorden og Meland droppa BKK-eigde Fjordkraft, og kjøper no straumen frå Sognekraft.

Publisert 04.01.12 17:31
Endret 04.01.12 17:31

Dei tre kommunane er med i eit innkjøpssamarbeid saman med Osterøy, Øygarden og Samnanger. Etter felles prisinnhenting i 2011 skal dei no få straumen sin frå fylket nordafor, eller i alle fall rekningane.

– Frå oktober 2011 bytta desse seks kommunane straum­leverandør frå Fjordkraft til Sognekraft. Inngått avtale med Sognekraft er på to år, og kan så forlengast to gonger, med eitt år kvar gong, seier Jens Dahl, drifts- og vedlikehaldsleiar i Meland.

Større volum
Ved å gå saman har desse kommunane kunna forhandla pris for eit større kraftvolum.

Sognekraft AS er eit energiselskap med hovudkontor i Vik i Sogn, som produserer og sel elektrisk kraft. For å sikra seg mot svingingar i straumprisen har kommunane avtala fast pris på ein del av forbruket. For Meland er såleis 50 prosent av straumen dei brukar prissikra, medan 50 prosent av forbruket så langt er til flytande pris.

– Den halvdelen som er prissikra i 2012, er sikra til 37,15 øre/kWh, seier Dahl.

Til samanlikning betalte ein privatkunde hjå Fjordkraft 39,46 øre/kWh i november 2011, med produktet «Strøm til innkjøpspris». Her kom det for privatkundar eit fast tillegg på 49 kroner månaden.
(Nettleiga kjem i tillegg til desse prisane over).

Store tal
Meland kommune brukte til saman i 2011 kring 6,5 GWh. Med eit slikt forbruk vert det store tal av øresvariasjonar på straumprisen. Held den flytande halvdelen seg lik den som er prissikra, vil eit tilsvarande straumforbruk i 2012 summera seg til 2,4 millionar kroner. Eller for å vera heilt nøyaktig 2.414.750 kroner. Og det er for forbruket åleine, nettleiga kjem i tillegg.

Radøy kjøper straum av SFE

Etter ei anbodsinnhenting administrert av Bergen Energi AS har Radøy kommune no straumavtale med Sogn og Fjordane Energi. Kommunen har eit kraftforbruk på om lag 4,7 GWh/år.

 

Ishavskraft til bådeFedje og Austrheim

Kommunane Austrheim og Fedje kjøper no straum av Ishavskraft AS, etter å ha sjekka prisar med hjelp av konsulentane i Bergen Energi AS. Austrheim kommune har eit kraftforbruk på om lag 2,4 GWh/år, Fedje på 1,4 GWh/år.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Tryggare med ny omsorgsteknologi

Tryggare med ny omsorgsteknologi

SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

    Trur Grieg ville likt seg

    Trur Grieg ville likt seg

    RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

      Mobilbruk lagar misnøye

      Mobilbruk lagar misnøye

      På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

        Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

          MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

            – Spesielt å stå på toppen

            – Spesielt å stå på toppen

            Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

              Siste kortnytt