Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kjører EM-runde i Austerrike

Del | |
RADØY: Ole Kristian Nøttveit satsar på B-finale i EM-runden i Austerrike i helga. I Ungarn sist helg vart det problem med bilen.
Publisert 06.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? I Ungarn var det til slutt ein clutchsylinder som vart sprengt, seier Ole Kristian Nøttveit.
Etter at teamet hans først hadde fiksa girkassen, var det så ein clutchsylinder som stoppa radværingen. Nøttveit rakk ikkje starten i den tredje innleiande runden, og vart til slutt ståande som nummer seksten.
? Det er slikt som kan skje, seier han, og legg til at bilen no er klar for runden i Austerrike.
Nøttveit reiste rett frå Ungarn til Greinbach, Austerrike, der han og dei andre nordmennene som deltek i EM har slått leir ved bana. Bilen Nøttveit kjører, ein Ford Focus T16 4x4, vert no klargjort etter alle kunstens reglar.
? Eg satsar på at eg skal klara ein B-finale. Men det vert tøft, det er 36 bilar påmeldt til start.
Nøttveit nådde B-finalen også i den første EM-runden, som gjekk i Portugal. I runde to vart det C-finale. Etter tre rundar er radværingen nummer tretten i samandraget, med i alt 11 poeng.
? Målet for sesongen er å koma mellom dei ti beste totalt, seier Nøttveit.

570 hestekrefter
Nøttveit kjøpte ein ferdig bil til EM-satsinga, denne vart kjørt av Tommy Rustad i fjor. Tilliks med dei andre bilane i Divisjon 1 er det turbo og firhjulstrekk, og Ford Focus-en leverer kring 570 hestekrefter.
? Det skortar ikkje på utstyret. Det eg må skaffa meg er rutine, dei andre har kjørt i ti-femten år og kjenner banene, seier Nøttveit.
Sjølv om han er tidleg på plass i Austerrike får ikkje Nøttveit prøvekjøra bana meir enn andre. Alle får kjøra oppvarming og tidstrening, og så må ein elles danna seg eit inntrykk ved å gå rundt på bana.
? Eg går litt rundt og prøver å gjera meg opp meiningar på kva spor eg skal velja, og korleis eg skal takla dei ulike delane av bana.
Girkassane vert gira om etter dei ulike banene, for å ha den rette utvekslinga og toppfarten. På enkelte baner kjem ein opp i over 200 kilometer i timen.

Satsar i tre år
Erfaring og rutine er viktig for å få gode resultat, og då må også ei EM-satsing vera langsiktig.
? Det vert mest sannsynleg ei satsing over tre år. Ein får ikkje vist kva ein kan det første året, seier Ole Kristian Nøttveit.
Arbeidsgjevaren AGR står i bresjen for radværingen si EM-deltaking.
? Det er AGR, saman med sine samarbeidspartnarar, som har gjort dette mogleg, seier han.
Med på EM-sirkuset er også to andre radværingar. Jan-Tore Ulvatn er med som mekanikar, og reiser frå løp til løp saman med Nøttveit. Også Joar Morken er med som mekanikar, Morken reiser frå Noreg til kvar EM-bane for å jobba i teamet.

Momarken heimebane
Det næraste Nøttveit kjem heimebane er runden på Momarken 7.-8. juli. Nokre busslaster med vestlendingar reiser nok over fjellet for å sjå EM-runden der.
? Det vert kjekt å kjøra på Momarken, seier Ole Kristian Nøttveit.
Radværingen har gjort det skarpt innan motorsporten her i landet før det denne sesongen er kjøring i EM. I 2005 tok Nøttveit NM-tittelen i rallycross, og året før vann han Vestlandsmesterskapet.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt