Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Klagar etter stortap mot Brann 2

Del | |
RADØY: Radøy/Manger vil klaga til fotballkrinsen etter at dei tapte 7-1 mot Brann 2 på Brann stadion måndag kveld.
Publisert 07.08.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Begge gongene me har møtt Brann 2 denne sesongen, har dei stillt med toppa lag, slik at me har tapt klart. Me kan ikkje finna oss i at dei ein gong toppar laget og ei annan gong stiller med juniorlag. Det vert urettferdig, seier styreleiar Harald Bjørkelund i seniorgruppa i Radøy/Manger til Strilen.
Han viser til at Radøy/Manger i vår slo Frøya 7-1. Like etter slo Frøya Brann 2 2-0.

Eigen serie
Bjørkelund meiner det er feil at andrelaget til eliteserielaget Brann spelar i tredjedivisjon.
? Det er ikkje Brann 2 me vil til livs, men seriesystemet. Det beste ville vore at reservelaga i eliteserien hadde si eiga avdeling, eller at dei spela i 2.divisjon.
Dette vil han drøfta med fotballkrinsen.
Radøy/Manger spelar i 3.divisjon.

Sjansar begge vegar
Bjørkelund seier at kampen på Stadion ikkje berre var einvegskøyring, slik det står i BT.
? Det var sjansar til begge lag, og me hadde fleire som me burde skåra på, seier han.
Radøy/Manger tok elles leiinga ved Jarle Sylta etter seks minutt. Erik Huseklepp utlikna tolv minutt seinare. Han skåra heile tre mål i kampen, der det stod 3-1 ved pause.

Skal berga plassen
Sjølv om Radøy/Manger ligg heilt sist med berre fem poeng, fem poeng bak Frøya, er Bjørkelund sikker på at dei skal berga plassen.
? Det tvilar eg ikkje på i det heile, seier han.
Bjørkelund meiner skadar og kort øydela for laget i vårsesongen, i tillegg til at dei hadde ein del uflaks. No håpar han snart det er slutt på det.

Kanskje nye
Laget har ikkje fått nye spelarar i sommar, men Bjørkelund fortel at eit par kan vera på veg litt ut på hausten.
Elles har Geir Atle Osa signalisert at han vil møta på trening igjen og prøva å spela. Han har vore ute lenge med skade.
Neste kamp går fredag heime på Sletta mot Sandviken.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt