Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Klager på tildelinga av tomt

Klager på tildelinga av tomt

Del | |

Formannskapet i Meland ønskjer at Torill Seliussen og Waldegruppen skal få byggja ny barnehage på Mjåtveit, men ACEA Eigendom klagar på ­rangeringa. 

Publisert 17.11.11 08:55
Endret 17.11.11 08:55

ACEA er den leve­randøren som best opp­fyller tildelingskri­teria som er sett opp og har rett på kontrakten, skriv advokat Bent Sande Kverme i eit brev til Meland kommune.
Han representerer ACEA Eiendom, som er ei av verksemdene som kan tenkja seg å byggja ny barnehage på Mjåtveit.

Nummer ein vart nummer to
Meland kommune har ei tomt på Mjåtveit som er sett av til barnehage. Planen var eigentleg at det skulle byggjast ein kommunal barnehage her, men sidan kommunen ikkje har økonomi til det, har politikarane bestemt at private skal få sjansen til å overta tomta og driva privat barnehage der. Tomta vart lyst ut i august og seks interesserte firma leverte inn prosjekt, som ei arbeidsgruppe i kommunen såg nærmare på.

Konklusjonen var at alle som hadde levert inn prosjekt var fullt i stand til å byggja og driva ein barnehage, men arbeidsgruppa meinte at to prosjekt peika seg ut som spesielt gode. Dei rangerte prosjektet til ACEA Eiendom som nummer ein, og prosjektet til Torill Seliussen/Waldegruppen (biletet) som nummer to. Saka var oppe i formannskapet i november, men politikarane der rangerte prosjekta annleis.

Eit samrøystes formannskap snudde rangeringa og gjekk for eit vedtak om at Torill Seliussen og Waldegruppen skal få tilbod om tomta. ACEA rykka ned på andreplass.

Ikkje berre å byta om
Advokaten som ACEA har engasjert, meiner at politikarane ikkje utan vidare kan byta om på rangeringa på denne måten. Han meiner at kommunen må følgja regelverket for offentlige anskaffelser. 

Advokaten skriv at: «Kommunen gjennomførte en grundig vurdering av de enkelte leverandørene og deres tilbud. Vurderinga og innstillinga ble medelt alle leverandørene i form av en epost».

I denne eposten kom det fram at ACEA var rangert som nummer ein og advokaten meiner at den besluttninga ikkje kan endrast med mindre det skuldast regelbrot.  Han skriv at det ikkje er kome fram opplysningar som viser at kommunen har funne noko som inneber brot på regelverket.

Seliussen/Waldegruppen er ein lokal aktør, men advokaten meiner at ein ikkje av den grunn kan favorisera ein aktør. Advokaten vurderer det slik at kommunen har plikt til å skriva kontrakt med ACEA og at noko anna vil vera i strid med regelverket.

Stor aktør
ACEA er eit firma som etablerer og drifter barnehagar, og i følgje firmaet sine nettsider er dei Noregs fjerde største barnehageaktør. Barnehagane vert etablert av ACEA Eigedom as og når prosjektet er sluttført vert drifta overført til søsterselskap som det geografisk sett er naturleg å knyta barnehagen opp mot. På Vestlandet driv dei Småstrilane AS og dei har blant anna ein barnehagar i Fjell kommune.

Tildelinga av barnehagetomta stod på sakslista til kommunestyret onsdag kveld. Då møtet starta var denne avisa gått i trykken, men Strilen vil følgja opp saka seinare.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt