Klar for landsfinale
Endret 20.08.07 10:49
Vart til tilfeldig
Fotografiet Eknes gjekk vidare med er eit nærbilete han tok av eit lite gråtande barn i India i jula. Barnet har store triste auge, og under det eine er det ei klår tåre. Dette er eit foto som folk gjerne har i tankane lenge etter at ein har sett biletet. Eknes har fått svært god tilbakemelding på biletet på fotosider på internett. På nettstaden photosight låg bilete blant anna på 1. plass av alle portretta på nettstaden ei stund.
? Biletet vart til litt tilfeldig. Eg hadde vore på ferie i India i eit par veker, og følte eg ikkje hadde fått teke så mange bilete. Eg gjorde difor ein innsats og tok blant anna mange bilete av folk som gjekk forbi, fortel Eknes.
Han stoppa opp ved dette barnet, men visste ikkje med ein gong at dette vart eit «blinkskudd».
Det oppdaga han ikkje før han tok det fram og skulle til å redigera bileta. No kunne han tenkt seg å finna ut meir om dette barnet. Det vert nok vanskeleg. Men han trur at det kan vera mogleg, då mora til ungen truleg er med i ein kristen kyrkjelyd i området der biletet vart teke. Eknes er 17 år og går på kjemi/prosess ved Knarvik vidaregåande skule. Men han ønskjer gjerne å arbeida med fotografi i framtida, dersom det er mogleg. Den talentfulle 17-åringen er nesten aldri å sjå utan eit kamera over skuldera.
? Har du alltid med deg kamera?
? Nei. Men når eg ikkje har det med, hender det ofte at eg angrar på det, fortel han.
Dukkar det opp eit godt motiv, og han ikkje har kamera med, kjennest det ikkje heilt godt.
I slutten av mai går turen til landsfinalen i UKM i Trondheim, der han skal konkurrera med andre fotografar og unge kunstnarar.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





