Klare til å vera ambassadørar
Endret 20.08.07 10:49
Kvart år sender Lions over hundre norske ungdomar på internasjonale leirar i over tjue land for å skape forståing mellom menneske og nasjonar og deira kulturar og folkelege problem.
Kasta seg i det
For Marte og Daniel sitt vedkomande, har Lions-leiren knytt nye band alt no. For trass i at begge går andre året allmennfag på same skule, går dei ikkje i same klasse. Ikkje bur dei i nærleiken av kvarandre heller, for Marte bur på Myking og Daniel på Manger. Difor har dei blitt kjende med kvarandre først etter at dei fann ut at begge skulle på Lions-leir. Sidan har dei prata ein god del både om kva forventningar dei har til turen og kva nytte dei trur dei vil få av han.
? Eg trur me kjem til å veksa veldig på å klara oss så og seia på eiga hand i tre veker slik som dette. Me tek jo ein sjanse og kastar oss ut i noko me ikkje veit så mykje om, så etter dette vert det sikkert mykje lettare å hoppa i andre ting, seier Marte.
? Ja, det viktigaste vert å læra å stå på eigne bein. På den måten får me lært meir om oss sjølve. Dessutan trur eg me vert meir sosiale, seier Daniel.
Store forventningar
Mest gler dei seg til å møta vertsfamilien dei skal bu hjå første veka. Men også den to veker lange leiren ser dei fram til med stor forventning.
? Eg gler meg faktisk like mykje til å få tilbakemeldingar på eigen kultur som å oppleva og læra om andre kulturar. Difor har eg ikkje berre lyst å leggja vekt på det særnorske når eg skal representera Noreg, men også på å fortelja at ikkje alle i Noreg er steinrike og at me ikkje brukar alle oljepengane på oss sjølve, seier Marte.
No gler dei seg til informasjonsmøta der dei etter kvart får vita både akkurat kor dei skal og kva vertsfamilie dei skal bu hjå.
Valets kval
På fritida og litt på skulen driv Marte med drama, og ho kan nesten ikkje venta til ho blir atten og gamal nok til å vera med i lokalrevyen på Natås. I tillegg er ho stalljente og hestetrenar på Hjelmås Hestesenter ein dag i veka. Meir får ho ikkje tid til når ho skal få tid til lekser, venner, å teikna, lesa og skriva noveller som ho likar så godt.
? Om eg skal bli forfattar eller skodespelar, veit eg ikkje. Kanskje eg kan ha det eine som jobb og det andre som hobby. Eg får sjå kva tida fører med seg. Kanskje eg burde begynna med å senda novellene mine inn til konkurransar, tenkjer ho høgt.
Vil koma til nytte
Daniel har spela piano sidan han var elleve år, og burde eigentleg deltatt på musikkleiren til Lions i Austerrike. Men på grunn av litt surr i systemet, prøver Lions no å etterpåmelda han.
? Det hadde sjølvsagt vore supert å kome inn på ein musikkleir, men eg er godt nøgd med det tilbodet eg har fått også, seier Daniel.
I tillegg til å øva og spela konsertar, er Daniel symjetrenar to dagar i veka. Ved sida av tek han seg nokre dukkartar og joggeturar sjølv for å halda forma oppe. Og så les han ein god del. Men om det vert symjetrenar eller pianist han skal bli når han blir stor, veit han ikkje.
? Blir eg ikkje pianist, har eg lyst å bli lege eller psykolog. Men same kva eg vel, kjem eg aldri til å slutta å spela piano. Og same kva eg vel, er eg heilt sikker på at eg kjem til å få nytte av denne leiren, seier Daniel Helland Hines med samtykkjande nikk frå Marte Danielsen.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





