Klart fleirtal for nye kommunegrenser
Eit klart fleirtal av dei spurde i borgarundersøkinga, som vart presentert denne veka, seier ja til nye kommunegrenser. Litt uventa er det kanskje at gulingane er mest positive, noko Arve Mjømen i Gulen Høgre likar.
Endret 26.08.11 11:35
I fem av åtte kommunar i Nordhordland og Gulen er fleire positive enn negative til nye kommunegrenser. Det viser svara i den store borgarundersøkinga som Sentio Research AS har utført for Regionrådet. Berre i Modalen, Fedje og Austrheim er det fleire som vil at kommunen deira skal halda fram som no.
Litt uventa er det kanskje at folk i Gulen er mest positive til kommunesamanslåing. Heile 70 prosent av dei spurde der er positive til at Gulen slår seg saman med andre. I Lindås er nesten like mange positive: 65 prosent.
Heilt mot
I den andre enden av skalaen finn me Modalen, der 85 prosent seier nei til at den vesle kommunen skal slå seg saman med andre. Nesten like negative er dei på Fedje. Der seier 83 prosent nei. Den tredje nei-kommunen er Austrheim, der 59 prosent er negative til å inngå i ein større kommune.
I Masfjorden og Meland er folk meir delte, men med eit fleirtal for kommunesamanslåing begge stader. I Meland er det elles svært stor skilnad mellom menn og kvinner.
Generelt
Det er viktig å ta med at folk berre har fått spørsmål om kommunesamanslåing generelt. Dei har ikkje svara på kva kommunar dei kan tenkja seg å slå seg saman med. Det vil sikkert verka inn på resultatet, og først når folk får konkrete alternativ på bordet, vil ein få vita kva folk eigentleg meiner.
Det skal no jobbast vidare med saka i kvar kommune, og fram mot neste val vil ein truleg vita meir om kva alternativ det er snakk om.
– Gledeleg å ha folk i ryggen
GULEN: – Resultatet av borgarundersøkinga er svært gledeleg lesning for oss. Den viser at me har folkemeininga i ryggen når me går inn for at Gulen må verta del av ein større kommune, seier Arve Mjømen (biletet) til Strilen.
Mjømen er ordførarkandidat for Gulen Høgre, som i mange år har gått inn for at Gulen må slå seg saman med andre kommunar. Mjømen meiner at viss ein skal få løysa dei kommunale oppgåve på ein god måte, må ein ha større einingar enn det Gulen er no.
– Ikkje minst gjeld det når samhandlingsreforma skal setjast ut i livet, seier han.
Til no har det mest vore snakka om ei samanslåing av Gulen, Masfjorden og Høyanger sørside, men Mjømen er ikkje framand for at Gulen kan gå inn i ein storkommune som omfattar heile Nordhordland.
– Det er enklare å få ting til i ein stor kommune, seier han.
– Eg må seia eg er overraska over at ein så stor del seier ja til kommunesamanslåing, seier ordførar Trude Brosvik (KrF).
Ho trur at dei som har svara ja, særleg har tenkt på ei samanslåing med Masfjorden.
– No skal saka utgreiast, og så får me sjå kva som kjem ut av det. Saka vil truleg verta lagd ut i ei folkerøysing, seier Brosvik.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





