Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Klart ja til to ungdomsskular

Del | |
MELAND: Det skal vera ungdomsskule både på Frekhaug og Rossland også i framtida.
Publisert 01.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det er klart etter at eit samrøystes formannskap i går gjekk inn for å rusta opp begge skulane.
Som Strilen tidlegare har skrive, opna rådmannen for å samla alle ungdomsskule-elevar på Frekhaug. Bakgrunnen er at det vert dyrt for kommunen å byggja ut på Rossland. Men formannskapet vil rusta opp begge skulane.

Fjorten millionar
Politikarane går inn for ein økonomiplan med til saman åtte millionar kroner til Rossland skule i 2007-2010, og seks millionar til Meland ungdomsskule i 2009-2010. Saka skal opp i kommunestyret 14. juni, men handsaminga der vert truleg ein rein formalitet.
? Eg kan aldri tenkja meg at kommunestyret kjem til å endra på dette, seier ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik.

Nye klasserom
På Rossland skal det koma fleire klasserom og nytt ventilasjonsanlegg i gamlebygget. På Frekhaug skal pengane gå i hovudsak gje nye klasserom og grupperom. Utbyggingane må til for å takla at Meland får stadig fleire innbyggjarar.Krev Gulenruta til Bergen att

Byggjer ut Sagstad
 Sagstad skule bør byggjast ut i 2008-2009. Det var konklusjonen i formannskapet i går. Politikarane vil gje 8,2 millionar kroner til utbygginga. Dette vil gje nye klasserom i eit bygg på to etasjar, lokale til skulefritidsordninga og nye toalettanlegg. Skulen har behov for fem nye undervisningsrom pluss grupperom og rom til spesialundervisning. Årsaka er at det er planlagt fleire store byggjefelt i området. Nye bustader fører med seg nye elevar. Men no ser det altså ut til at skulen vert utvida.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt