Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kloakk seinkar Sæbøtunet

Del | |
RADØY: Avklaring på kloakken har seinka Sæbøtunet, der framdrifta vart etterlyst i formannskapet torsdag.
Publisert 29.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me har hatt eit møte med utbyggjaren denne veka, men det er vanskeleg å seia noko om oppstart, opplyste fungerande rådmann Leif Taule. Taule sa at han ikkje hadde informasjon om kor mange bustader som er selde til no.
Taule signaliserte og at han trudde utforminga utbyggjaren har lagt opp til, kanskje er «litt forut for si tid ute på landsbygda».
Saka vart tatt opp av Grethe Lunde (KrF).

? Urettferdig
Taule viste elles til at kommunen har godkjend Alfa Prosjektutvikling sitt reinseanlegg. Men frå kommunen si side er det føresett at feltet må kopla seg inn på den kommunale kloakken når denne kjem. Det inneber i sin tur ei tilknytingsavgift på 17.000-18.000 kroner, og det er denne kostnaden utbyggjaren finn urettferdig.
? Vårt reinseanlegg vil kosta kring 900.000 kroner. Me meiner det er godt nok også etter at kommunen sitt anlegg kjem, seier Geir Richard Sæbø i Alfa Prosjektutvikling, eit selskap med adresse Knarvik som han har seld arealet til.

? God dialog
Sæbø ønskjer å presisera at dialogen med kommunen heile tida har vore god.
? Men manglande avklaring for kloakken har forseinka utbygginga. Det har og ført til at me har misst eit par kjøparar. Me må minst ha seld fire-fem einebustader før me kan starta opp, seier Sæbø.
Selskapet er oppmoda av kommunen om å søkja om redusert tilknytingsavgift. Ein slik søknad vert sendt med det aller første, opplyser Sæbø.
? Eg trur kommunen vil sjå med velvilje på ein slik søknad. Men eg forstår ikkje heilt at prosjektet skal stå og falla på ei tilknytingsavgift på 17.000-18.000 kroner per bustad, seier fungerande rådmann Leif Taule til Strilen.
I følgje heimesida «godedagar.no» skal Sæbøtunet først byggjast ut med i alt 12 einebustader. Prisane ligg frå 2.275.000 kroner. Tunet skal og omfatta rekkjehus, som skal koma i eit seinare byggjesteg.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt