Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Knallresultat for Radøygruppen

Del | |
RADØY: RadøyGruppen AS på Vetås auka omsetnaden frå 38 til 58 millionar frå 2004 til 2005. Og i år kan dei passera 100 millionar kroner, opplyser dagleg leiar Lasse Ståløy (biletet).
Publisert 24.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me opplever eit veldig trykk for tida. Problemet er tilgangen på kvalifisert arbeidskraft. Me kunne tilsett ti personar på dagen viss dei rette folka dukka opp, seier dagleg leiar Lasse Ståløy i RadøyGruppen til Strilen.
Verksemda, som tek oppdrag frå olje- og skipsindustrien, opplever ein større ordretilgang enn nokon gong før.

Reparasjonar
? Me har oppdrag med ombygging av skip og leveransar til oljeriggar, i tillegg til produksjon av undervass pumpemodular, fortel Ståløy.
Nyleg har dei hatt eit større oppdrag med ombygging av ein båt.
? Det er høg oljepris og stor aktivitet i oljeindustrien som slår positivt ut for oss, seier Ståløy.

Fagfolk
Pågangen har vore så stor at til tider må verksemda leiga inn folk for å ta unna arbeidet. Men den store bøygen er mangel på fagfolk.
? Me manglar både platearbeidarar, sveisarar, skipsrøyrleggjarar, maskinarbeidarar og andre faggrupper, seier Ståløy.
Talet på fast tilsette er no 48, litt fleire enn i fjor. Men i tillegg kjem innleigd arbeidskraft. Denne kjem stort sett frå Aust-Europa, sidan det nesten er uråd å få tak i folk på den norske marknaden.

Utvida
I verksemda på Vetås har det vorte gjort store investeringar dei seinare åra. Ein ny hall for overflatebehandling er bygd, og det er investert ein god del i nye maskiner.
? Me har også fleire planar om utviding, men dei ønskjer eg ikkje å gå ut med før dei er nærare planlagt, seier han.
Ein er i desse dagar og i ferd med å flytta inn i ein ny kontorfløy på verksemda.

Auka overskot
Tal frå 2005 viser ein omsetnad på 57,8 millionar kroner, mot 38,3 millionar i 2004. Og alt no har ein passert fjoråret når det gjeld omsetnad i 2006.
? Og me har greidd å halda oppe driftsmarginane, seier Ståløy.
Driftsresultatet i 2005 vart 3,9 millionar kroner, mot 0,9 millionar i 2004.
Årsresultatet betra seg med over to millionar kroner til 2,3 millionar.
Det vart avsett 500.000 kroner til utbytte i 2005.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt