Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Knarvik best i landet

Del | |
LINDÅS: Vinmonopolet i Knarvik vart i går kåra til det beste i landet av ein einstemmig jury. 
Av
Publisert 14.09.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det er deilig! Skikkelig godt å få kåringa overstått. Me har jo trudd på dette i lengre tid, og endeleg fått det bekrefta, seier ei glad Ingunn Bjørge på telefon frå Oslo.
Ho er butikksjef ved Vinmonopolet i Knarvik, og må no til å planleggja italiatur for dei tilsette. På utdelinga i Oslo i går kveld deltok omlag 300 menneske, Linn Skåber var underhaldande prisutdelar, og damene frå polet i Knarvik var filmstjerner. I samband med konkurransen har det nemleg vorte laga ein filmsnutt frå arbeidsdagen deira, som vart vist fram onsdag kveld.
? Det var gøy med videoen, seier Bjørge.
Kva juryen sa om arbeidsplassen deira, fekk ikkje Bjørge heilt med seg.
? Me klarte ikkje å konsentrera oss, for me var så spente. Men det var einstemmig vedteke, og avgjerda vart teke fort, mot fire timars diskusjon i fjor, seier Bjørge.

Fotformsko og sylting
Det er mykje innsats og mange arbeidsdagar bak ei slik utmerking. Den viktigaste årsaka til at dei tilsette i Knarvik lukkast, er nok godt arbeidsmiljø. Når dei tilsette er nøgde, er det også lettare å yta god service til kundane.
? Kvar månad har me fokus på eit spesielt emne, og prøver å skapa noko rundt det, seier Line Elisabeth Seljelid, nestleiar ved Vinmonopolet i Knarvik.
Nett no er det alderskontroll som er spesielt vektlagd, og positive kommentarar får dei ofte.
? Folk står gjerne og flirar for seg sjølv når dei ser lappane i hyllene. Det likar me, seier Seljelid.
«Kor ofte syltar du bêr og frukt? Kva synest du om fotformsko? Og kva tenkjer du på når du et eit kamferdrops? » er blant spørsmåla som heng rundtom i butikken.
? Det er enkelt å driva alderskontroll når både me og kundane likar kampanjane, seier Seljelid.
På alderskontroll scorar dei 100 prosent i vurderinga frå region vest.

Årets butikk
Med blå skjorter, skjerf i halsen og smil om munnen sel kvinnene ved polet i Knarvik 42,3 liter i timen. Sjukefråværet er på berre 1,46 prosent. Og medarbeidarane er 100 prosent nøgde. Dei tilsette har lagt si flid i å gjera den beste jobben, og vart nyleg lønna med tittelen «Årets butikk» i region vest. No er dei «Årets butikk» i Noreg. Fredag er seks jublande tilsette tilbake på jobb i Knarvik, klare til å jobba fram mot siger også neste år.
? Det skal mykje til å vinna to år på rad, men me kan alltid verta betre, seier Bjørge.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt