Knarvik-elev skadd av softgun
Endret 20.08.07 10:49
Eleven har sjølv softgun heime og seier at han ikkje brukar det til å skyta mot nokon, berre til å skyta på blink. Han oppfattar det som om aldersgrensa på den typen han har er 16 år. For kraftigare typar er det 18 års aldersgrense.
Guten seier at det er fleire som har kjøpt softgun i ein butikk i Knarvik.
Han har fått opplyst at politiet skal koma på skulen måndag og orientera om at elevar ikkje må ta med seg softgun.
? På skulen skal det ha vorte funne tre våpen. Det eine var gøymt i nokre busker, opplyser den skadde eleven.
Også faren gler seg over at det ikkje vart nokon alvorleg skade. Faren seier til Strilen at han tok guten med seg heim etter at han hadde vore på legevakten.
Skaden skal etter det Strilen får opplyst ha skjedd inne i eit klasserom.
Strilen fekk fredag ettermiddag stadfesta den triste episoden også frå to andre kjelder, men ingen ønskjer å stå fram med namn.
Ei kjelde henviser til at rektor ved skulen jobba med saka i tre timar. Det vart avklart kven som hadde brukt eit våpen til skade for ein annan elev.
Skulen legg opp til å arbeida vidare med saka på måndag, får Strilen opplyst. Innan deadline let det seg ikkje gjera å få tak i rektor Helge Brekke for ein kommentar.
Softgun er eit våpen som skal brukast til å skyta på blink og ikkje må rettast mot personar. Som ammunisjon vert nytta små plastkuler. Softgun har ei kraft nesten på linje med luftgevær, og frå hausten 2003 vart det innført 18 års aldersgrense for å bruka denne type våpen.
? Eg visste ikkje noko om at sonen min hadde softgun. Eg meiner det uansett må vera skulen som ryddar opp i dette, seier faren til Strilen.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





