Knarvik-elevar tok prisen
Endret 20.08.07 10:49
Prisvinnaren imponerte juryen med kreativ og nyskapande design, spennande produkt og positiv service på standen. Dei har utvikla heilt spesielle utepeisar, fakkelboksar og lysestakar. Vinnarane fekk 3.000 kroner i premie frå Sparebanken Vest.
Årets Elevbedrift
Særleg eitt av produkta til elevbedrifta er eit godt døme på
korleis ein arbeider med produktutvikling. Elevane har sett at faklar lagar
stygge svimerke på mark og terrassar. Med fakkelboksane dei har laga unngår ein
dette problemet, samstundes som det heile vert fint å sjå på. Dei har altså
sett eit problem, og så laga eit produkt som løyser problemet.
? Me har jobba med prosjektet i eit par månader, seier Thor
Brede Kvalvåg.
Han fortel at ideane har dei drøfta seg fram til sjølv.
Materialane dei har brukt er ganske dyre, men fram til no har dei fått dette frå
skulen. Berre til utepeisen, som er laga i eit slags spesialstål, har det gått
med 1.000 kroner i materialar. Pengane dei no har vunne kan truleg hjelpa dei
vidare i prosjektet. Dei som står bak bedrifta går i klasse 1MEb, og læraren
deira er Jan Thorbjørnsen. Då Strilen var på standen fekk me opplyst at elevar ved Elektromekanisk og har hjelpt til.
Ideprisen
Ideprisen gjekk til elevbedrifta Smått og Flott ved Årås
skule i Austrheim. Dei laga gelelys. Juryen meinte dei hadde laga flott design
med enkle virkemiddel. Gelelysa hadde dei laga i vinglas. Utstillinga deira var
også flott laga til, og produkta tiltrekte interesse. I tillegg til gelelys
laga denne elevbedrifta skåler og koppar i offwhite med kinesiske teikn.
Elevbedrifta vil selja produkta sine på Mastrevik torg og direkte til
privatpersonar. Smått og Flott fekk ein sjekk på 1.500 kroner i premie frå
Sparebanken Vest.
Produktprisen
Produktprisen gjekk til elevbedrifta Stubb og Stake frå
Lindås ungdomsskule. Juryen fall særleg for nokre nissar som var laga av
skråskorne trestubbar som dei hadde mala på. Med svært enkle virkemiddel hadde
altså denne elevbedrifta funne fram til eit enkelt og sjarmerande produkt.
Juryen trekte også fram at dei hadde brukt eit naturleg og miljøvenleg
materiale.
Marknadsføringsprisen
Marknadsføringsprisen gjekk til elevbedrifta Kort til Jul
frå Årås skule i Austrheim. Juryen var samstemt i at dette var den standen der
ein fekk best personleg oppfølging. Dei ansvarlege for bedrifta var pågåande
seljarar utan at det var ubehageleg. I tillegg hadde dei ein fin og effektiv
stand og leverte ut ei spesiell heimelaga brosjyre og visittkort. Bedrifta laga
heimelaga julekort, ulike serviett-motiv limt på glas, i tillegg til at dei
selde lappar og saft.
Juryen var samansett av Lasse Ståløy i Radøygruppen, Marita Kleiveland frå Sparebanken Vest og Jon Halstein Tjore frå Strilen.
Nær 3000 menneske
Prisane vart udelte under Yrkes- og utdanningsmessa i Nordhordlandshallen.
Me reknar med at det til saman var nær 3000 menneske innom i løpet av onsdag og torsdag, og det er me godt nøgde med, seier Bjørn Kvalø. Han hadde det praktiske ansvaret for messa.
I følgje dei opplysningane han har fått, var besøket betre i år enn i fjor. Det er tredje gongen dei gjennomfører utdanningsmesse i Nordhordlandshallen. Kvalø seier og at dei fleste han snakka med under arrangementet vart positive. Målet med messa var blant anna å presentera næringslivet i regionen for elevar og foreldre, og å visa kva utdanningsmoglegheiter som finst i vårt nærområde.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





