Knusande kritikk av campingplassar
RADØY: Tilsyn på Vågenes camping, Radøytunet camping og Havgård fjordferie har avdekka ei rekkje avvik. Eigarane av Vågenes camping fortviler.
Endret 04.07.12 08:48
Kritikken i alle tre tilsynsrapportane går blant anna på feil avstand mellom campingvognene, eller campingeiningane, der dei vert rekna som ikkje-flyttbare.
Tilsynet har funne avvik i talet på campingvogner og faste einingar frå gjeldande planar, manglande utsleppsløyve/manglar ved kloakkanlegg, avvik i forhold til tilkopling til kommunalt vatn. Kommunen finn også at alle tre campingplassane bryt med reglane for estetisk utforming.
Førehandsvarsel
Rapportane er eit førehandsvarsel til eigarane om at kommunen kan gje pålegg om retting og vedtak om tvangsmulkt, dersom tilhøva ikkje vert retta.
«Avvik som gjeld brot på forureiningslova og ulovleg tilkopling til det kommunale vassverket skal rettast omgåande» heiter det i rapportane.
Grunneigarane har frist til 15. august til å svara kommunen om avvika i branntilsynsrapporten. Innan den tid kan dei òg velja å kommentera dei andre tilhøva eller ikkje.
Lista ikkje endeleg
Radøy kommune tek atterhald om feilinformasjon i tilsynsrapportane, då dei har registrert eit stort tal vogner og mykje av registreringsarbeidet er basert på biletmateriale og arkivinformasjon.
Av same årsak må lista over avvik ikkje verta oppfatta som fullstendig og endeleg, då nye undersøkingar kan avdekkja nye tilhøve, skriv kommunen i rapportane.
Kommunen fokuserer på tilsyn med campingplassar i år fordi «campingplassar er område kor eit stort tal menneske er samla på liten plass, og kor spesielt branntryggleiken erfaringsmessig ikkje har naudsynt fokus», står det i rapportane.
Kommunen fatta mistanke om at alt ikkje var som det skulle vera ved å studera skråfoto, som gav eit oversiktsbilete av campingplassane frå lufta. Bileta, tekne av Mapaid, er sett i system gjennom det interkommunale samarbeidet, Nordhordland Digitalt.
– Kan bety kroken på døra for oss
VÅGENES: Målvi og Ove Vågenes ser avvikling som einaste utfall for Vågenes camping dersom dei må gjennomføra tiltaka i rapporten.
– Me fekk tilsynsrapporten fredag ettermiddag og den var knusande, seier Målvi Vågenes.
Ho driv Vågenes camping ilag med mannen Ove Vågenes. Dei er sjokkerte over innhaldet i rapporten, og ønskjer ikkje å kommentera detaljane før dei har fått rådført seg med ein jurist.
Dersom dei må retta seg etter kommunen sine definisjonar og regeltolkingar, må så og seia alle spikartelt rivast og vogner vekk.
Fleire feil i tilsynsrapporten
– Me har funne fleire godkjenningar som er på lista over ulovlege tiltak. I tillegg ser me at Radøy kommune viser til reglar som er ulike dei me har fått opplyst ved tidlegare tilsyn, og som er ulike reglane ein brukar i andre kommunar, seier Målvi Vågenes. Det har, ifølgje paret, ikkje vore store endringar i talet på vogner på campingplassen dei siste ti åra, og dei kan ikkje forstå kvifor kommunen, tilsynelatande plutseleg, finn så mange avvik.
– Me driv som me har gjort gjennom fleire år, og me har hatt mange tilsyn som ikkje har kome med den lista som denne rapporten har, seier Ove Vågenes.
Saknar orden i systemet
Målvi Vågenes meiner kommunen må ha eit ønskje om å verta kvitt campingplassen.
– Me føler at dette er ein heksejakt og at me vert hengt ut offentleg av kommunen. Med denne rapporten held Radøy kommune oss for skuldig til det motsette er bevist. I ein 27-siders rapport seier administrasjonen i Radøy kommune at omtrent alt me har drive med i, snart 20 år er ulovleg, seier Målvi Vågenes. Då dei las rapporten, tenkte dei at dette er det ikkje mogleg å ta opp kampen mot – her er det berre å avvikla snarast muleg.
– Men så har me tross alt 61 familiar her på campingplassen å ta omsyn til. Me vil i alle fall kjempa for å driva vidare i nokre år for dei, medan me avviklar, seier Målvi Vågenes.
Dei har begge brukt helga på å besøka andre campingplassar, og sette måndag av garde mot Voss, for å samanlikna måten dei driv på, med tilhøva ved campingplassane der.
Strilen rakk ikkje å snakka med resten av campingplasseigarane eller rådmannen i Radøy før tysdagsavisa skulle i trykken, men vil følgja opp saka.
- Ikkje la oss betala rekninga!
MELAND: Tilsette i reinhald- og vaskeritenesta i Meland demonstrerte utanfor rådhuset onsdag. Dei fryktar for jobbane sine. Seinare på dag gjekk eit fleirtal i formannskapet inn for at kommunen må innhenta anbod på delar av desse tenestene, og å be rådmannen vurdera konkurranseutsetjiing også for Meland sjukeheim og heimetenestene.
Vil gje Skodvin utsetjing
LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).
Radøyløpet vart folkefest
Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Frantzen (nr. 60) raskast.
Folkemøte på Byrknes
GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.
Ayla måtte avlivast
MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.
Lathi på Everest for andre gong
Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Ayla måtte avlivast [19.05.13 21:46]
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Mongstad evakuert [07.05.13 14:07]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]



