Kokevarsel til over helga
Endret 20.08.07 10:49
Men på komfyren hjå Dagmar Fosse står panna klar til å koka vatn som skal drikkast. I kjøleskapet står det eit par mugger til avkjøling.Nokon store praktiske problem med å koka vatnet ser Fosse ikkje. Men etter kvart vert det kanskje aktuelt å kjøpa vatn.
Også kjøpevatn
- Me er fem i familien og drikk ein god del vatn. Me har kokt vatnet sidan kokevarselet kom i går, seier Dagmar Fosse til Strilen fredag føremiddag.På kantina i rådhuset på Frekhaug står det vatn på koking når Strilen ser innom. Men for å kunna by på kaldt vatn, har ein utsending vore på butikken etter kjøpevatn.
- Det kokte vatnet sette me ut i snøen for å få det til å kjøla seg ned, seier Astrid Elisabeth Lie og Annika Tvedt, som jobbar på kantina.
Annika fortel at ho vart kvalm tysdag etter å ha drukke vatn på kantina. Det har ho ikkje vorte før.
- Eg drakk også vatn, men utan å verta kvalm. Kanskje eg er immun, seier Astrid Elisabeth.
Myrlukt
- I førre veke vart det oppdaga myrlukt i vatnet. Det førte til at det vart sendt inn prøvar, men i første omgang var tilbakemeldingane frå Mattilsynet at prøvane var heilt ok. Men nye prøvar tysdag avslørte bakteriane, opplyser driftsleiar Jens E. Dahl i Meland kommune til Strilen.
Meland vassverk leverer vatn til følgjande område:
Frå Meland til Austebygd og heile Flatøy.
- Frå Meland til Dale, Dalemarka, Sagstad, Langeland, Frekhaug, Mjåtveit.
- Frå Meland til Erstad, Tveit, Valde, Brakstad, Fløksand, Holme, Hopland, Holmemarka, Holmeknappen og Hjertås.
Stenging om natta
Frå Mattilsynet vert det streka under at det ikkje er funne E.coli i vatnet. I så fall kunne ein slått fast at det har kome kloakk i vatnet. Inntil torsdag ettermiddag ved 16.00-tida hadde drifts- og vedlikehaldsavdelinga jobba med å finna årsaka utan å lukkast.
Arbeidet med å finna årsaka til bakteriane fører til ujamnt vasstrykk. Periodevis kan vatnet også vert stengt utan nærare varsel. I første omgang vil vatnet i alle høve vera stengt kvar natt frå kl.23 til 06.00 inntil feilen er retta opp.
- Me håpar folk har fått med seg at vatnet må kokast. Me har gått ut både på NRK Hordaland og oppmoda lokalavisene om å informera på sine nettsider, seier Jens E. Dahl.
Ingen bør setja på vaskemaskiner, oppvaskemaskiner eller andre elektriske artiklar som brukar vatn utan tilsyn. Grunnen til det e at vatnet periodevis vert stengt utan varsel.
Meland vassverk har kring 1000 husstandar tilknytt. I tillegg kjem skular, barnehagar og bedrifter. Den nordlege delen av kommunen, som har forsyning frå Rossland vassverk, er ikkje råka.
Siste oppdatering:
På butikkane på Frekhaug gjekk det torsdag og fredag unna på vatnet.- Me har seldt fleire hundre prosent meir vatn enn vanleg. Torsdag ettermiddag fekk me inn ei ekstra forsyning, men no er me snart tomme att. Men me ventar inn meir, opplyser butikksjef Kristian Haugland ved 11.00-tida fredag.
- Stor etterspurnad tyder vel høgare pris?
- Nei, det vert nok ikkje aktuelt å sko seg på kokevarselet, ler Haugland. Men han seier at det faktisk er kundar som har antyda at det kunne svara seg å skru opp prisen.
I løpet av natt til fredag har fire personar frå kommunen vore i arbeid med utspyling av leidningsnettet.
Dahl ser så langt inga anna forklaring enn at ekstremregnet måndag er årsaka til at det har kome bakteriar i drikkevatnet.
- Dei dårlegaste av dei første prøvane viste over 201 koliforme bakteriar per 100 milliliter. Det er ganske høgt. Men dei siste prøveresultatat er nede i 19 bakteriar per 100 milliliter. Dermed er me i ferd med å verta kvitt forureininga i vatnet, seier Jens E. Dah til Strilen ved 13.15-tida fredag. Men i samråd med Mattilsynet er det avgjort at kokevarselet for heile forsyningsområdet vert oppretthalde til over helga.
- Det vert gjort vidare utspyling av nettet fredag og natt til laurdag. Det som er klart, er at det ikkje er drikkevasskjelda Kvernavatnet som er forureina. Me har visse mistankar til kva som er årsaka til forureininga, men kan så langt ikkje gå ut med noko offentleg, seier Dahl.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





