Kommunalt avslag kan stoppa Campingplass
Endret 20.08.07 10:49
? Eg oppfattar dette som at administrasjonen i kommunen i realiteten underkjenner godkjenninga av reguleringsplanen som politikarane har gjort, seier Eriksen.
Ikkje drivverdig
Det er no eit par år sidan kommunestyret godkjende reguleringsplanen for campingplassen, som kan gje plass til over 100 campingvogner og husvogner. Teknisk kontor grunngjev avslaget på frådeling med omsynet til resteigedomen og avkastninga som eigedomen kan gje. Dei er og redde for at eit ja til frådeling vil skapa presedens. Eriksen finn dette merkeleg.
? Gardsbruket har ikkje vore i drift sidan 60-talet, og er erkjent ikkje drivverdig frå dei lokale landbruksstyresmaktene. Bruket er på 550 mål, men det er berre om lag 25 mål som er dyrka mark. Ei frådeling av 100 mål som alt er regulert til campinglass, der under 5 mål er dyrka mark, vil ikkje spela nokon rolle for garden som eit drivverdig bruk, seier Eriksen.
? Er inhabil
Eriksen reagerer og på at frådelingssaka vart avgjort administrativt, og at ho er delegert til teknisk. Han meiner at teknisk sjef er inhabil i denne saka, då han og handsama reguleringsplanen for eit par år sidan. Det same gjeld andre sakshandsamarar som var involverte i reguleringsarbeidet. Eriksen viser til Kommunelova paragraf 40, 3b: «Kommunalt og fylkeskommunalt ansatte som i denne egenskap har medvirket ved tilretteleggelse av grunnlaget for en avgjørelse, eller ved tidligere avgjørelse i samme sak, skal alltid anses som innhabile når saken behandles i folkevagt organ. Ved behandling av årsbudsjett, økonomiplan, kommuneplan og fylkesplan gjelder ikke første punktum».
Krev klagenemnd
Truls Bauge (Kystpartiet) er skeptisk til både handsaminga av denne saka og til strukturen i kommunen.
? Eg har fleire gongar vist til denne lovparagrafen i Kommunelova. Denne viser at teknisk sjef er inhabil i denne saka, sidan han og var involvert i reguleringsarbeidet av området, hevdar Bauge. Han meiner og det er svært uheldig at formannskapet både er plannemnd og klagenemnd. ? Difor har eg føreslege at det vert oppretta ei klagenemnd utanom formannskapet, slik at klagane vert sett på av nye folk. Men så langt har eg ikkje nådd fram med dette synet, seier Bauge. Ein klage frå Eriksen på avslaget om frådeling er det altså formannskapet som skal vurdera. Bauge meiner at ein ikkje kan avslå søknaden om frådeling, når det alt ligg føre ein godkjend reguleringsplan for campingplass på området.
På grunn av ferie fekk ikkje Strilen tak i nokon i administrasjonen i Austrheim som kunne kommentera saka.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





