Kommunen «etterforskar» Vike camping
Lindås rettar ei rekkje pålegg mot eigaren av Vike Camping, der brannvernet meiner vognene står for tett og spikartelta er for store
Endret 17.07.12 09:31
Etter ei synfaring på slutten av 2010, fann me så mykje å reagera på at me sende ei bekymringsmelding til byggesaksavdelinga i Lindås, seier brannsjef Gjert Holtan.
Han seier at tilhøva som nylege rapportar har omtalt ved campingplassar på Radøy, er eit nasjonalt problem.
– Etter kvart vil alle dei lokale campingplassane få tilsyn, seier Holtan.
For Vike vurderte ein det slik at Lindås kommune først måtte sjå på tilhøva. «På synfaringa vart det påpeika til eigar at fleire av vognene står for tett og at «spikartelt» som er bygde i samband med vognene, er for store», heiter det i eit brev av 29. november 2010 frå brannførebyggjande avdeling til kommunen, med kopi til eigar Steffan Vike.
Kommunen vert beden om å sjå på byggjesaksdokumenta for Vike Camping. Det har ført til kraftige reaksjonar frå administrasjonen.
Pålegg om stopp
Byggesaksavdelinga har reagert raskt, med pålegg om å stoppa alt ein ser som igangsett byggjearbeid ved våningshuset utan løyve.
Brevet Steffan Vike har fått, varslar også «mogeleg pålegg, førelegg, tvangsmulkt og politimelding».
Ved fotodokumentasjon viser kommunen til terrengarbeid langs kommunal veg og over offentleg vassleidning, samt oppføring av nytt garasjebygg.
Eigar Vike fekk munnleg pålegg om å stoppa alt pågåande byggjearbeid under synfaring i desember 2010. Pålegget kom skriftleg kort etter, der kommunen etterlyste ein fullstendig søknad innan 15. februar 2010.
«Krater av ein campingplass»
I saksmappa ligg også eit brev der Jostein Vike ber om å få tilsendt reguleringsplan for Vike camping. Bakgrunnen er at «det kan sjå ut som det arealet som grensar tett opp til løebygningen på gnr. 219/2 er omgjort til maritimt område for vinterlagring av småbåtar».
Alt i 2001 etterlyste Vike forslaget til reguleringsplan. Då skreiv Vike at i det avgrensa området på Vikanes «har det på ein merkeleg måte utvikla seg eit «krater» av ein campingplass, brakkeleir, campinghus … og mykje meir».
– Tillit til kommunen på lågmål
Dagbøtene og tvangsmulktene har ingenting med campingplassen å gjera. Dei går på meg privat, og den saka er under handsaming, seier Steffan Vike.
Er alt på stell på Vike Camping?
– Ja, seier Vike.
Steffan Vike tar kritikk for ei fylling han har laga over kommunal vassleidning. I april i fjor informerte han om at fyllinga var fjerna.
I februar i år tok Vike situasjonen opp med ordførar Astrid Aarhus Byrknes. Der skriv han at avdeling for byggesak «svarer ikkje på mine henvendingar/tilsvar» i dei ulike sakene. Han skriv også at han har fått purring og varsel om inkasso, der han svarer at han reknar med at «det er vanleg med eit endeleg vedtak først», og skriv at dette må vera ein grov saksbehandlingsfeil.
«Kommunen gjev også byggjeløyve på min eigedom, utan nokon som helst henvending til underteikna», heiter det i brevet.
Vike skriv vidare at desse sakene er svært uheldige, då ein held på med omregulering av campingplassen.
«Tilliten til kommunen og dykkar administrasjonen er no på eit lågmål!», skriv Steffan Vike, som avslutningsvis ber om eit møte på ordføraren sitt kontor snarast.
Les heile saka i Strilen si papiravis tysdag
- Ikkje la oss betala rekninga!
MELAND: Tilsette i reinhald- og vaskeritenesta i Meland demonstrerte utanfor rådhuset onsdag. Dei fryktar for jobbane sine.
Vil gje Skodvin utsetjing
LINDÅS: Nedlegging av den kommunale Skodvin skule bør utsetjast eitt år, meiner eit klart fleirtal i levekårsutvalet i Lindås (bilde).
Radøyløpet vart folkefest
Heile 306 personar i alle aldrar deltok på Radøyløpet 2. pinsedag. Av dei 26 som sprang på tid, var Øyvind Frantzen (nr. 60) raskast.
Folkemøte på Byrknes
GULEN: I morgon ettermiddag, onsdag, vert det folkemøte på Byrknes om Hordalandsavtalen.
Ayla måtte avlivast
MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.
Lathi på Everest for andre gong
Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Ayla måtte avlivast [19.05.13 21:46]
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Fire på sjukehus etter kollisjon på Radøy [19.04.13 10:46]
- Mongstad evakuert [07.05.13 14:07]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]



