Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kongens gull til Marvid Dale

Del | |
Medaljen vert delt ut av fylkesmann Svein Alsaker i dag, under eit arrangement ved Frank Mohn sitt kontor i Helldalen.
Publisert 08.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Marvid Dale (69) har bak seg ei omfattande karriere innan Frank Mohn-konsernet, og i dei seinare åra innan selskapa Mongstad Administrasjon AS, Mongstad Eiendom AS og Mongstad Vekst AS.
Som grunngjeving for at Marvid Dale no får Kongens fortenestemedalje i gull nemner Alsaker mellom anna arbeidet med å få plass forsyningsbasen på Mongstad, ein innsats som i 1986 gjorde Dale til æresmedlem i Nordhordland handverk- og Industrilag (NHIL).
Alsaker nemner også Dale sin medverknad til etableringa av TAF-modellen, utdanningsordninga kalla Tekniske Allmenne Fag.
? Den første klassen kom i gang hausten 1992. I dag er det i alt 19 skular som brukar denne utdanningsmodellen. Dette har også skapt nærleik og samarbeid mellom skulane og det lokale næringslivet, og sikra rekruttering til industrien, skriv Alsaker.
Med som grunngjeving er sjølvsagt også Dale si karriere innan Frank Mohn-konsernet, der han byrja i 1955 som assistent på verkstadkontoret. Seinare jobba han seg oppover, og Dale har mellom anna vore fabrikksjef ved anlegget på Flatøy (1978-1984) og seinare administrerande direktør same stad (1988-1992).
? Eit kjenneteikn ved deg er at du har vore ein pådrivar og inspirator når det gjeld innføring av ny produksjonsteknikk og teknologiutvikling, heiter det i fylkesmann Alsaker sin tale.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt