Kongepokal og ny NM-tittel
Endret 20.08.07 10:49
Det er fjerde gongen han får denne utmerkinga. Urhaug var også favoritt til NM-tittelen for sitjande utøvarar i Modum i helga, og vann også denne tittelen.
25-åringen nærmar seg no totalt 20 NM-titlar, medrekna både singel og double-konkurransar.
Å få kongepokalen er likevel noko stort, sjølv om han har fått denne tre gongar før.
? Ein konkurrerer jo med dyktige funksjonshemma idrettsutøvarar i alle idrettsgreiner, seier Urhaug.
Det er mogleg at han er den einaste utøvaren som har fått denne pokalen heile fire gonger.
Det store målet er OL i Bejing om to år. Urhaug har ei rekke gull i internasjonale konkurransar, men OL-medaljar har han ikkje frå før. Han seier at han i alle fall skal satsa på bordtennisen fram til OL, og så får han sjå. Det går med svært mykje tid både til trening og reising med satsing på dette nivået.
No startar og dei internasjonale stemnene, med VM i Sveits som årets høgdepunkt. Det skjer i september, og då skal Urhaug forsvara gullet frå i fjor.
Torsdag reiser bordtennisspelaren til Irland, for å delta på ein konkurranse der neste helg. Han reiser derifrå direkte til England, der han skal trena saman med det engelske landslaget, før det vert ein ny konkurranse helga etter.
? Det er veldig artig å ha fått denne moglegheiten til å reisa og oppleva så mykje, seier Urhaug.
Han spelar for Stord Bortennisklubb, men trenar mykje både i Bergen og heime på Manger. Der har han gode treningstilhøve på Radøy Ungdomsskule.
? Eg er svært takksam overfor Radøy Ungdomsskule at eg kan trena der, seier han.
Bordtennisspelaren får difor ofte besøk av utøvarar frå Bergen som kjem ut til Radøy for å trena. Urhaug har og fått ein ny treningsrobot, som er den mest avanserte som finst. Det gjer eigentreninga på Manger endå meir effektiv.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





