Kongesølv til Strilen-grunnleggjaren
Endret 20.08.07 10:49
Rundt 50 personar deltok under overrekkinga av
fortenestemedaljen til Hannisdal laurdag.
? Eg har alltid vore fråhaldsmann, og har aldri vore full.
Men i dag er eg faktisk full ? full av takksemd til dei som står bak dette, og
til denne store forsamlinga her i dag. Eg er og full av takksemd til kona mi
Lillian. Hadde det ikkje vore for henne hadde eg ikkje stått her i dag. Eg vil
og takka borna mine, ikkje berre fordi dei sprang ærend og hjelpte til, men og
fordi dei var rolege når eg trong ro, sa Hannisdal etter prisoverrekkinga.
Han sa og at det arbeidet han har lagt bak seg, hadde han
aldri klart åleine. Han takka difor alle dei mange medspelarane som har vore
med opp gjennom åra.
Utsending frå Kongen
Det var Lindås-ordførar Tove Linnea Brandvik som overrekte
medaljen til Hannisdal.
? I dag er eg ikkje berre utsending frå Lindås kommune ? eg
er utsending frå Kongen. Denne medaljen får du ikkje berre for din innsats for
lokalsamfunnet, men for din innsats for nasjonen, sa Brandvik.
Ho trekte fram Hannisdal si mangeårige teneste som lærar og
rektor i Lindås, og i arbeidet med å hjelpa dei unge til å verta sjølvstendige,
tenkjande menneske.
? Då er det kanskje ikkje så merkeleg at du drog i gang
lokalpressa, for ein del av arbeidet til media er nettopp å stilla kritiske
spørsmål til vedtekne sanningar, sa Brandvik.
«Stril» eit heidersnamn
Hannisdal var blant dei sju personane frå skulemiljøet på Lindås
som skipa avisa Strilen i 1961, og han tok over som redaktør frå og med utgåve
nummer 16. Redaktørjobben hadde han fram til 1977, samstundes som han var
tilsett i skuleverket. Då hadde opplaget auka til 4.500. Det tok mange år etter
skipinga før det vart betalt honorar til redaktør og skribentar, og
Strilen-kontoret var heime i huset hjå redaktøren heilt fram til 1975. Ordet
«stril» var framleis eit skjellsord tidleg på 60-talet, og det var og ein del
debatt i avisa rundt det namnet. «Me ville vera strilar og bladet skulle heita
«Strilen», slik at stril kunne verta eit heidersnamn», var den klare meldinga
frå Hannisdal og dei andre skiparane.
Fleire organisasjonar
Det var Trygve Aarre, Rune Brundtland og Stanley Hauge som
var initiativtakarar til at Hannisdal skulle få medaljen. I grunngjevinga viser
dei til Hannisdal sin store innsats i skuleverket, arbeidet med å skipa og
driva avisa Strilen, styre- og leiarverv i ei rekke organisasjonar og politiske
verv i kommune og fylkeskommune. Han har og markert seg som forfattar av fleire
romanar og lokalhistoriske skrift.
Hannisdal har vore aktiv i organisasjonslivet. Han gjorde
ein stor jobb for Lindås og Nordhordland indremisjon, for Motorførernes
Avholdsforbund, Lindås fråhaldslag og Lindås mållag. I tillegg var han i mange
år kommune- og fylkespolitikar for KrF.
Sveisa bygder saman
? Dersom nokon har fortent denne medaljen, er det deg, sa
Trygve Aarre i sin tale under overrekkinga laurdag.
? Olav hadde fleire tankar med avisa. Det eine var
opplysningstanken. Det andre var kulturaspektet, med blant anna å fremja strilekultur og dialekten.
Men han hadde og ein politisk tanke - å styrkja regionen Nordhordland, sa
Aarre.
Då Strilen vart skipa var Nordhordland i ei brytningstid,
med nedgang i folketalet. Det var også mykje debatt om kommunesamanslåing.
Hannisdal såg det som ei oppgåve for avisa å sveisa bygdene i regionen nærare
saman. Då går det og lettare å løysa felles oppgåver, meinte han.
Tid til borna
To av borna til Hannisdal, Lars Magnus og Kjerstin, fortalde
om travle foreldre, men som likevel hadde mykje tid til borna sine. Dei
fortalde blant anna og om springing til bussen med filmar og avis som skulle
til trykking, og om spennande menneske som kom innom og hadde noko på hjarta i
samband med avisa.
Ivar Kårdal fortalde om samarbeidet i Motorførernes
Avholdforbund. Det var blant anna ein stor markering då dei som første gjestar
ved nybygde Vestland Hotell, fekk lov til å heisa MA-flagget til topps ved
hotellet.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





