Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kraft-millionar til skitrekk

Del | |
MASFJORDEN: Pengane strøymer inn til det planlagde skianlegget i Stordalen. Fylkesrådmannen går inn for å gje 3,5 millionar kroner i tilskot.
Publisert 17.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det er idrettlaget Bjørn West som planlegg å byggja eit skitrekk i Perstova i Stordalen. Og dei ser ut til å gå god respons på planane. Denne veka fekk dei 200.000 kroner frå Sparebanken Vest til føremålet, kraftfondstyret har gått inn for løyving, og no er det fylkeskommunen som stiller seg positiv.
Idrettslaget har søkt om såkalla fyrtårnmidlar til prosjektet, og fylkesrådmannen går inn for at dei skal få 3,5 millionar kroner i tilskot, nesten halve kostnaden.
Saka skal opp i fylkesutvalet torsdag i neste veke. Pengane vert i tilfelle utbetalte neste år.

Gledeleg
? Dette er sjølvsagt svært gledeleg nyheiter, seier Arne Berg til Strilen.
Berg sit i tremannsgruppa som har utarbeidd planane for skitrekket.
Dei er no i gang med å rydda skog i traseen for heisen.
Om dei no skulle få dei 3,5 millionane, legg dei likevel ikkje om planane.
Til hausten vil dei setja opp eit mobilt trekk på 275 meter.
? Det skal stå klart når snøen kjem, lovar Berg.

Heilt til topps
Planen er at ein i neste omgang skal byggja eit permanent trekk heilt til toppen av Perstova. Med parkeringsplass og varmestove vil dette kosta 7,4 millionar kroner.
? Med pengane frå fylkeskommunen står det framleis ein del att før me har fullfinansiert heile anlegget, påpeikar Berg.
Pengane som fylkesrådmannen går inn for å bruka, er konsesjonskraftmidlar som fylkeskommunen har til fordeling. Både ordførar Håkon Matre i Masfjorden og Knut Moe i Modalen har kritisert at for lite av desse midlane kjem dei to kommunane til gode, trass i at mykje av krafta som midlane stammar frå, vert produsert nett i desse kommunane. No kan det vert retta litt på dette.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt