Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kraftig amerikanar på Radøy-vegar

Del | |
RADØY: Geir Taule ved GT Lakk & Karroseri AS har fått bygd seg ein heilt spesiell redningsbil i USA. Bilen kom til Bøvågen for fjorten dagar sidan.
Publisert 03.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Taule har kjørt redningsbil for NAF sidan 1994.
Ut frå dei erfaringane han har gjort seg på Radøy og elles i Nordhordland, har han fått laga seg ein bil som er godt tilpassa dette området.
Mellom anna har Forden av typen F550 to vinsjar, firehjulstrekk og ein V8-ar diesel med 325 hestekrefter. Bilen skal difor ikkje laga kø i motebakkane, anten det er vinter- eller sommartid.

Gunstig dollarkurs
? Kvifor til USA for å henta redningsbil?
? Eg har alltid hatt sans for amerikanske bilar. Dessutan er dollarkursen gunstig, slik at me sparte ein del pengar på å importera bilen sjølv frå USA, seier Taule.
Dette har elles vore ein lang prosess. Bilen vart bestilt i juni i fjor.
? På denne tida har Regjeringa gjort regelendringar to gonger. Hadde båten med bilen vore 14 dagar forseinka, er det ikkje sikkert at eg hadde fått skilt på han, seier Taule, som er nokså oppgjeven av det norske bilregelverket.

Route 66
Taule henta bilen på fabrikken i New Hampton i Iowa saman med familien i byrjinga av August. Dei køyrde den NAF-merka bilen så på den kjende Route 66 til Chicago. Deretter gjekk turen vidare til New York. Turen tok ti dagar, og dei køyrde mellom 250 og 300 mil på gode motorvegar. For 14 dagar sidan kom bilen med båt til Drammen. Taule henta bilen der og køyrde han over fjellet, og heim til Bøvågen.
? Det kjennest ikkje ut som å køyra ein bil på 4 ? 5 tonn. Det er nesten som å køyra ein vanleg personbil, fortel Taule.
Han har enno ikkje fått testa bilen på bilbergingar i Nordhordland, men reknar med at han lett skal kunna trekkja opp også mindre lastebilar frå grøftene med den nye bergingsbilen.
? Kva med drivstoff-forbruket?
? Dei nye V8-motorane er veldig effektive. Mellom 1,5 og 2 liter diesel på mila er lite for ein så stor bil som dette, seier Taule.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt