Krafttak for betre kultur i trafiklken
Endret 20.08.07 10:49
Saman med dei andre i Trafikkfagleg samarbeidssutval i Nordhordland (TSU) vil han 12. april arrangera trafikkdag i og ved Nordhordlandshallen i Knarvik.
Der vil ein arrangera bilslepp, som viser kva som skjer med ein bil og personane inni i ei trafikkulukke. Ein vil også visa korleis redningsarbeidet vert utført.
Etterpå vert det arrangement inne i hallen, der pårørande til folk som har mist livet i eller vorte alvorleg skada i trafikkulukker, vil fortelja korleis dette har verka inn på livet deira.
Førebyggja
? Målet vårt er å påverka dei unge si haldning til trafikk, slik at me kan hindra at alvorlege ulukker skjer, seier fylkessekretær Arne Aase i Trygg Trafikk, som og er med i TSU.
Alle avgangselevane ved dei vidaregåande skulane i distriktet er inviterte. I tillegg kjem elevane ved Nordhordland Folkehøgskule på Frekhaug.
? Kan me oppnå å hindra eit dødsfall eller ei ulukke, har me oppnådd noko, seier Aase.
I tillegg til den sorga som ulukkene påføre dei næraste, er trafikkulukker og svært dyre for samfunnet. Ei dødsulukke kostar i gjennomsnitt vel 23 millionar kroner, seier Aase.
Falsk tryggleik
? Mange trur at bilane i dag er så sikre, med airbaggar og liknande, at dei kan koma uskadd frå ei ulukke. Men det er ikkje tilfelle. Ein samanstøyt i 65 km/t fører som oftast til alvorlege indre skadar, sjølv om personen tilsynelatande er uskadd, seier ambulansearbeidar Reidar Mathiesen i Helse Bergen.
Han er ein av dei som har teke initiativet til at Nordhordland også skulle få sitt TSU, og til trafikkdagen 12. april.
Hovudfokuset er mot ungdom mellom 17 og 24 år, fordi mange i denne aldersgruppa er involverte i alvorlege trafikkulukker.
? Me når nok ikkje fram til alle med informasjonen vår, men kan me nå ein del, kan dei påverka andre igjen, seier han.
? Bilane har vorte raskare, og det aukar også faren for alvorlege ulukker, seier Jarle Førland, som er områdeleiar i ambulansetenesta i Nordhordland.
Første gong
Det er første gong det vert arrangert ein slik aksjonsdag i Nordhordland, men liknande arrangement har vorte bruke andre stader, mellom anna i Bergen. Der har reaksjonane frå dei unge vore at dette har vore ein vekkjar.
? Målet er at me skal ha ein slik dag minst ein gong i året. Dette skal ikkje berre vera noko som skjer ein gong, seier Nils Medaas, som er beredskapsleiar i Lindås og Meland Brannvern.
Han peikar på at trafikken i distriktet har auka veldig dei seinare åra, og det aukar også sjansane for ulukker.
Medaas etterlyser også ein kampanje for å auka bruken av refleks, både på personar og syklar. Altfor mange ferdast mørklagde langs vegane.
Påverka
Med i TSU i Nordhordland er folk frå politi, brannvern, ambulansetenesta, Trygg Trafikk og Den norske kyrkja.
? Me håpar me skal vera ein faktor som kan påverka haldningane til trafikktryggleik, seier Hatlevik.
Difor er det meininga at TSU skal gjera meir enn å arrangera ein aksjonsdag i året. Ikkje minst håpar dei å kunna påverka politikarane, slik at dei gjer tiltak for å auka trafikktryggleiken, som å byggja undergangar og gang- og sykkelvegar.
Idrettslag og andre som ønskjer å setja fokus på trafikk, kan kontakta folk i TSU, så skal dei prøva å stilla opp.
Treng pengar
Å arrangera aksjonsdagen 12. april kostar rundt 50.000 kroner. Ein har sendt ut brev om sponsing til næringslivet i distriktet, men så langt har responsen vore laber. No håpar ein på meir pengar.
? Trafikkulukker er ein kostnad også for næringslivet, påpeikar Arne Aase.
Ein har alt fått noko støtte frå fylkeskommunen til aksjonsdagen.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





