Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Krav om ubåtheving får støtte

Del | |
FEDJE: Folk frå nabo-kommunane er også inviterte til å gå i fakkeltog på Fedje torsdag, oppmodar kvinne-aksjonistane. Fedje-opprøret for ubåt-heving har alt fått støtte frå Gulen.
Publisert 09.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me håpar at folk også utanfor Fedje vaknar og stiller opp i fakktog, seier Marie Karlsen. Fredag kveld danna ho aksjonskomité saman med Reidun Moldøen og Lisbeth Stuberg. Også fleire andre frå øya er med på aksjoen.
Målet er å få heva U-868 og få fjerna faren for kvikksølvutslepp for alltid.

Jens i Bergen
Torsdag er fleire sentrale politikarar inviterte til Fedje. Kven som kjem, hadde Marie Karlsen ikkje oversikt over i går føremiddag. Ho peikar på at statsminister Jens Stoltenberg er i Bergen same dag, men Fedje-beøk ligg ikkje inne i hans tidsplan.
? Men Stoltenberg vil få overlevert oppropet frå komitéen på Fedje, seier Karlsen.
Elles kjenner ho ikkje til om naturvern-aktørar som Kurt Oddekalv dukkar opp på Fedje. Bellona vert ikkje representert, fekk Strilen opplyst i ei tekstmelding frå organisasjonen i går.

Støtte frå Gulen
Av støtteerklæringar så langt, har Byrknes og øyane fiskarlag og Ytre Gulen Sanitetslag reagert spontant.
«I som bur på Byrknesøy i Gulen og er nære naboar til Fedje og kvikksølvet i ubåten, støttar «folkeopprøret på Fedje», heiter det i ein e-post Strilen har motteke. Her går det fram at det vert laga underskriftslister som i sin tur vert sende til aksjonsgruppa på Fedje.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt