Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Krev Gulenruta til Bergen att

Del | |
GULEN: Gulenruta må begynna å gå heilt til Bergen igjen, krev Sigrun I. Legård Randal.  Bussbyte i Leirvåg har gjort reisa til Bergen langt meir tungvinn.
Publisert 01.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Viss dei vil at det skal bu folk i bygdene i Gulen, må dei ikkje gjera det endå vanskelegare å bu der for dei som ikkje køyrer bil, seier Sigrun I. Legård Randal (64) til Strilen.
Sjølv bur ho i Fivelsdal, ei av bygdene der det snart ikkje er fastbuande igjen. Etter at Gulenruta, Sogn Billag si bussrute, berre går til Sløvåg, har reisa til Bergen vorte langt meir tungvinn enn før.
Randal lir av sjukdomen Kols og må til Haukeland univeristetssjukehus i Bergen for behandlingar. Men det har vorte langt vanskelagre enn då Gulentuta gjekk heilt til Bergen.
? Før kunne eg vera i Bergen om lag halvti på føremiddagen, og då rakk eg akkurat behaldingane på sjukehuset. No går ikkje det, for no er eg i Bergen nesten ei time seinare, seier ho.
No må passasjerane gå av bussen i Sløvåg, ta ferja til Leirvåg og gå på HSD-buss der. Og denne bussen går om Mastrevik Torg før han køyrer til Bergen.

Mange eldre
Det er mange eldre folk som tek bussen, og for dei som er skrale til beins eller har andre plager, kan det vera tungt å ta seg ned i salongen på ferja under overfarten.
? Det var mykje greiare då me kunne sitja i bussen, seier Randal.
Viss ho no skal koma seg til Bergen på behandling, må ho ta drosje frå Fivelsdal til Sløvåg om morgonen for å nå første bussen i Leirvåg, og det same tilbake om ettermiddagen.
? Sidan eg har frikort, er det Trygdekontoret som må ta kostnaden, fortel ho.
Hadde Gulentura gått som før, ville kostnaden for det offentlege vorte langt mindre.
? Politikarane la ned ruta for å spara nokre kroner, men det kan fort gå ut att andre stader.

Skriv brev
Sjølv om vedtaket om å stoppa Gulenruta i Sløvåg er sett ut i livet, har ikkje Randal tenkt å gje seg.
? Eg har skrive brev både til samferdselsminister Liv Signe Navarsete og Liv Henjum i samferdselsutvalet i fylket, men eg får ikkje svar, så eg skriv igjen, seier ho og viser fram eit ferdigskrive brev.
Viss poltikarane først skulle kutta i rutetilbodet, meiner ho der er andre ruter som ville merkast mindre av dei reisande enn det som no har skjedd.
 ? Der går til dømes ei søndagsrute som ingen reiser med, seier ho.
Sigrun I. Legård Randal tykkjer det er rart at til og med politikarar frå Senterpartiet, som seier dei er for levande bygder, går inn for kutt som rammar folk i distrikta.
? Men dei har sjansen til å gjera om vedtaket, seier ho.
Viss tilbodet skal verta som no, trur ho ikkje ho kan verta buande i Fivelsdal mykje lengre.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt