Krev naust fjerna frå plan
Endret 20.08.07 10:49
Reknes Byggjevarer L/L har laga ein privat reguleringsplan for Duesundøya som omfattar både bustadhus, leilegheiter og hytter. Interessa for å byggja er stor, men planane har så langt vorte stoppa av at Fylkesmannen i Hordaland i sommar la ned motsegn mot planen fordi ein meinte han førte til for store inngrep i naturen.
Ei motsegn fører til at godkjenningsprosessen trekkjer ut i tid og vert langt meir omstendeleg enn han elles vil vera.
Ta bort naust
Etter to synfaringar på øya i sommar og haust har no Fylkesmannen sagt seg villig til å trekkja tilbake motsegna. Men vilkåret er at to naustområde som er plasserte nord på øya, vert tekne ut av planen. Grunnen er at dette området til no er heilt urørt. Dessutan meiner Fylkesmannen at nausta vert liggjande for langt frå husa og hyttene.
For synleg veg
Fylkesmannen ber også om ein del andre, mindre endringar i planen. Ein veg inn i området vert for synleg i terrenget, meiner han. Den bør flyttast. Han meiner og at ein bør vurdera å ta eitt av bustadfelta ut av planen i denne omgang.
? Me håpar no at det ikkje skal få gå så langt tid før planen er godkjend, slik at utbygginga kan starta, seier ordførar Håkon Matre til Strilen.
Politikarane er ivrige etter at dette populære utbyggingsområdet kan verta teke i bruk.
Går vidare
? Dei innvendingane du referer der, kan me leva med, sjølv om me vil argumentera mot, seier dagleg leiar Egil Sagstad i Reknes Byggjevarer til Strilen.
Han hadde ikkje fått lese brevet frå Fylkesmannen då Strilen tok kontakt før helga.
Men der må også utførast arkeologiske undersøkingar i området, og meir prosjektering må til, så utbygging vert det i alle fall ikkje før utpå nyåret. Sagstad fortel at der er folk på liste både for å kjøpa hus, leilegheiter og hytter i prosjektet
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





