Kronisk valdsmann slepp fengsel
Endret 20.08.07 10:49
I mars i år tok han seg inn i ein bil og slo ein mann fleire gonger i hovudet og/eller på overkroppen.
Helga etter drog han heim til denne mannen. Då han ikkje fann nokon heime i hytta, knuste han ei rute og stal mellom anna ein dvd-spelar og ein forsterkar.
Ei natt i april tok han kvelartak på ein vakt ved Shell-stasjonen i Knarvik. Han skal og ha kasta snøball mot mannen.
I tillegg til dette var ungdommen tiltalt for å ha slengt grove ukvemsord etter lokale politibetjentar under ein fest på samfunnshuset i Austrheim. Han var og tiltalt for å ha drukke øl offentleg utanfor denne festen.
No er mannen dømt på alle punkt i Nordhordland Tingrett. Resultat: 150 timars samfunnsstraff. Og straffa var slått saman med ei tidlegare straff på 125 timar.
Gjennomføringa av den tidlegare samfunnsstraffa vart avbroten etter ein time på grunn av dei nye valdsepisodane. Ergo slepp ungdommen i realiteten med å sona 26 timars samfunnsstraff for å ha banka opp fleire personar.
Mellom forholda ungdommen tildlegare er dømt for, er å ha lagt ein ungdom i bakken og sparka han fleire gonger ved to ulike høve same kveld. For dette vart han dømt for vald med farleg reiskap under særs skjerpande omstende, ei handling som ifølgje retten hadde preg av mishandling. Han er og dømt for fleire andre tilfelle av vald.
Retten peikar i den førebels siste dommen på at låg alder ikkje vert tatt så mykje omsyn til når det er tale om uprovosert valdsbruk frå medlemmer av gjengar. Retten peikar og på at ungdommen klart har eit problem med alkohol og sinnemeistring, og meiner han har «kort lunte», eventuelt ikkje noko lunte i det heile.
Vanleg rettspraksis tilseier fengsel utan vilkår. Men Nordhordland tingrett valde heller samfunnsstraff. Som grunn vert gjeve at han bør få ein siste sjanse, og at han skal inn i eit livsmeistringsprogram som kan læra han sosial omgang, sinnemeistring og konfliktløysing.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





