Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kulturpris for å redda dampen

Del | |
LINDÅS: Med ein ferdig restaurert DS Oster var det ikkje så mykje å stussa på. Nordhordland Veteranbåtlag fekk Lindås kommune sin kulturpris for 2005. Under kommunestyremøtet torsdag vart prisen delt ut av ordførar Tove Brandvik . Dei som tok i mot på vegner av laget, var Karsten Stene og Vidar Lehmann.
Publisert 09.12.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Ordførar Tove Brandvik viste i grunngjevinga til at det er lagt ned over 30.000 dugnadstimar for å setja Oster i stand.

Nordhordland Veteranbåtlag hadde mykje strev og fleire feilslag før laget kom over MS Vaka, fraktefartøyet som viste seg å vera gamle Oster i framand form og anna teneste.

Framdrifta og pågangsmotet bak 10 års arbeid med restaureringa har avtvinga respekt. Laget har oppnådd tillit hjå dei mange som har teikna seg for store og små gåver til restaureringsarbeidet, heiter det i grunngjevinga for prisen.

Det vert og vist til at Oster i framtida vert viktig for forståinga av den regionale historia. Veteranbåtlaget greip det som truleg var den siste sjansen til å ta vare på denne delen av vår lokale fortid.

Veteranbåtlaget har no 700 enkeltmedlemer og bortimot 40 medlemsbedrifter.

Vidar Lehmann og Karsten Stene tok imot prisen. Begge sa seg svært takksame for tildelinga. Som synleg bevis hadde dei motteke eit flott tinnfat og sjekk på 5000 kroner.

Lehmann nytta også sjansen til å rosa kommunen for den interesse og dei midlar kommunen har bidrege med til Oster. Som innleiing til prisutdelinga var det naturleg nok berre ein song som passa å syngja. Som del av si takk framførte også Lehmann eit av ekstraversa som er laga i ettertid. Men dei har naturleg nok ingen offisiell status i «Dar kjem dampen».

Frå kommunen vert det elles vist til at laget neppe får tid til å kvila på laurbæra. No skal Oster drivast.

Og i den samanheng opplyser Karsen Stene at det alt er bestellt ei rekkje turar for 2006-sesongen, blant anna i sam

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt