Kulturpris til driftige bergensarar
Endret 20.08.07 10:49
Dobbel kulturpris
Det var stor stas då ordførar, kollegaer og familie var samla i Nordgardsløa torsdag.
? Meland kommune har delt ut kulturpris sidan 1984, men i dag er det ekstra spesielt. Dette er først gong me deler ut to prisar på same tid, sa ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik under prisutdelinga.
Ordføraren er både stolt og glad for at dei to bergensarane har funne seg så godt til rette i Meland.
? Dei har gjort ein imponerande innsats i lokalmiljøet. Både Hylleseth og Ryland har engasjert seg stort for Idrettslaget Kvernbit. Begge har også vore engasjert i kulturarbeid og Nordgardsløa. Difor synes kommunen at det er flott at desse to kan få prisen samstundes, sa Åmdal Sandvik
Viktig arbeid
Åge Kristian Hylleseth har vore formann i Bergen-Hordaland friidrettskrets i fleire år og har vore fast inventar på idrettsanlegget på Fossemyra i meir enn 35 år. Engasjementet han har fått fram ei rekkje trenarar og betydd mykje for born og vaksne i kommunen. Samstundes har han sjølv vore engasjert i kulturstyret i Meland og vore med å delt ut kulturprisar til andre. Men kulturpris kom likevel overraskande på.
- Dette var heilt uventa. Det betyr mykje for meg å få denne prisen. Eg må innrømma at eg fekk ei tåre i augnekroken då beskjeden kom, sa Åge Kristian Hylleseth.
Brennande engasjement
Det er liten tvil om at prisvinnarane framleis har eit brennande engasjement for lokalmiljøet. Begge nytta takketalen til å tala varmt for nye prosjekt.
- Denne prisen er ein stor inspirasjon. Eg har ingen planar om å gje meg enno. Dugnadsarbeidet og Nordgardsløa er ein viktig del av livet mitt. Eg kjem nok ikkje til å sleppa taket i dette prosjektet før nokon kastar meg ut her i frå, sa Ryland og hausta latter frå gjestane.
Det verka ikkje som om dei hadde problem med å tru på påstanden. For tida er det lakking av golvet i løa og opparbeiding av uteområdet som står på prioriteringslista hans. Medan Hylleseth framleis vil engasjera seg for å få i stand ein idrettskule i kommunen.
Trivst på ?landet?
Sjølv om eldsjelene har eit brennande engasjement, legg dei ikkje skjul på at dugnadsarbeidet også har vore vanskeleg.
? Det har vore mange lange dagar. Familien har nok merka at me har vore mykje vekke. Det hadde ikkje vore mogleg å halda på med dette utan støtte frå heimane våre. Dei har mykje av æra for at me har lukkast, seier Hylleseth og Ryland.
Ryland er eigentleg fødd på Vikebø, men flytta til Bergen etter knapt eit år og vart ekte Nordnes-gut, medan Hylleseth er oppvaksen i Bergen. Det var nokså tilfeldig at dei to bygutane hamna i Meland.
? Det var nok mange som meinte at eg og kona var galne då me flytta frå sentrum og ut til Dalstø. Me flytta i 1974 og den gongen var jo Meland rekna for å vera reine bondelandet. Eg brukte båt og pendla til jobben på Minde. Det var mykje styr, men eg trivst godt i Meland, seier Ryland og fortel at han er stolt over å ha røter både på Meland og i Bergen
Arbeid med glede
Ryland har slite med helsa, men let seg ikkje stoppa av den grunn. Han er stadig å finna framfor datamaskina for å hjelpa frivillige organisasjonar med rekneskap eller langs hovudvegen for å plukka boss.
? Arbeidet gjev meg glede. Det er kjekt å gjera noko for andre. Det er det som driv meg. Samhaldet i lokalmiljøet er viktig. Dessutan har eg fått mange minnerike opplevingar. Eg har vore med på mykje forskjellig. Alt frå å fjerna tretti år gamal møk frå kjellaren i Nordgardsløa, til bossplukking, administrativt arbeid og kjekke sosiale samlingar, seier han.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





