Kulturpris til «eit tuntre» på Radøy
Kulturformidlaren Olav Marås fekk søndag Radøy kommune sin kulturpris 2011, til ståande applaus i Sæbø kyrkje.
Endret 12.12.11 14:37
– Årets kulturpris går til eit tuntre i kommunen vår, sa ordførar Jon Askeland og avslørte Olav Marås som årets vinnar av den gjeve prisen, under julekonserten i Sæbø kyrkje søndag.
Dei frammøtte sette tydeleg pris på vinnaren. Marås fekk ståande applaus, plystring og taktklapp frå ein fullsett sal.
Kulturstyret valde Marås til årets vinnar for hans dokumentasjon av nyare historie på Sæbø og Radøy og for hans forfattarskap om same tema, seinast i boka «Krigsår på Radøy».
– Prisen er òg for di formidlingsevne, sa Askeland.
Går forbi staffasjen
– Du har ein ryddig og lun veremåte som gjer at du får innpass hjå folk.
Olav, du er ein flott representant for den stolte strilen og radværingen.
Når me får vera med å høyra, så er Radøy i sentrum av universet. Men du er òg ein realist.
Du går forbi staffasjen og får fram substansen i sogene du fortel.
Og du er ikkje alltid berre positiv, heller, du kan komma med ganske så kritiske analyser om du meiner det er dét som er rett, sa ordføraren.
Gjer strilane stolte
– Olav er klar på at kultur og identitet er eitt og det same.
Du er tydeleg på at språket og nynorsken er ein viktig del av deg, og er klar på at me skal ikkje gå med hua i handa for nokon.
I forfattarskapet ditt, særlig om Sæbø ungdomslag, er det dokumentert ein folkebevegelse, eit målstrev og eit kulturarbeid.
Og ikkje minst, eit organisasjonsarbeid i bygda, som gjer Sæbø-sokningane rette i ryggen i dag, sa Askeland og takka prisvinnaren, på vegner av bygda og kommunen, for arbeidet han gjer.
– Alle menneske skaper eit rom rundt seg.
Eg vil seia at du skapar ein heil sal av tryggleik, glede og stoltheit over strilekulturen, og det å vera eit moderne menneske med den fortida me har her ute ved kysten, sa Askeland før Marås sjølv fekk ordet.
Delte prisen
– Kjære sambygdingar. Eg er fylt med glede og takk for denne æra som Radøy kommune har synt meg.
Det var heilt uventa og ikkje i mine tankar at eg skulle nå så høgt som kulturprisen i Radøy.
Men det er jo ei bakside med det, eg håpar eg ikkje får hjarteinfarkt med det første, sa prisvinnaren med eit smil.
Ordføraren hadde tidlegare fortalt om Manger Old Star Brass sitt motto: Fem kulturprisar og eit hjarteinfarkt.
Så heidra Marås skriftnemnda som han har jobba ilag med.
– Eg vil dela denne prisen med Bjarne Storheim, Leif Solheim og Harald H. Askeland.
Dei to siste gjekk bort for ei tid sidan, men dei gjorde ein eineståande innsats for dette samlearbeidet med å få historia vår på plass.
Me leita, me leita, og me fann og me fann, som Espen Askeladd, sa Marås.
Historiearbeidet til Marås og skriftnemnda har blant anna avdekka korleis arbeidslaus ungdom i mellomkrigstida dyrka kulturen.
Demokratisk kulturarv
– Ein kan vel seia at bygdene vart borne oppe av kultur. Og det heng saman med frigjeringa i 1905.
Det var 400 år under framandstyre der me mista det meste av kulturarven.
Den måtte samlast opp att gjennom dialektane, eit storarbeid av Ivar Aasen.
I dag er nynorskmål likestilt med andre språk i heile verda, sa Marås.
– Demokrati, det kjem ikkje med kuler og krut.
Det må komma i ei rørsle frå grunnen av, og folket må læra seg dei demokratiske rettane, å forlanga ordet i ei forsamling, å kunna snakka i ei forsamling, slik at når ein har noko å seia som ein meiner er det rette, at dei kan ta ordet og snakka for seg.
Dette var den store kulturarven som vart boren fram, som me fann i bygdebøkene gjennom 100 år, veke for veke, om alt som hende.
– Konklusjonen er at i våre bygder, og i heile Nordhordland, så sit me trygt på kulturarven vår.
Der er ingen over, men alle ved sida. Me treng ikkje vera redde nokon, me står og sit på fast grunn: Vår kulturarv og vår identitet, avslutta Marås.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





