Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kunne ikkje fått betre akutthjelp

Del | |
LINDÅS: Då Arne Helland (60) fekk hjarteinfarkt for vel ei veke sidan, sløste ikkje akutthjelp-personellet vekk eit einaste sekund. I dag takkar han dei for livet.
Publisert 19.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Frå eg ringte til eg låg klar for blokking på Haukeland, tok det berre ein time. Då hadde dei henta meg, jobba med meg i over tjue minutt heime i stova og kjørt meg til byn, seier Arne. At han går til avisene med historia si, skuldast at han synest det er på tide å få fram kor profesjonelt hjelpeapparatet er når det fungerer. Og det gjer det jo i dei aller fleste tilfella. Problemet er berre at det er dei få gongene noko ikkje fungerer, som blir blåst opp i mediene, legg han til.

Tok under fem minutt
Det var torsdag 10. mai klokka elleve om føremiddagen Arne tok til å kjenna seg uvel på ein måte han ikkje hadde kjent før. Men ut i frå samtalar med andre som har hatt hjarteinnfarkt, kjente han signala. Difor heiv han seg på telefonen til legevakta.
? Sjukepleiaren forstod med ein gong kva som var på gang og sendte sjukebilen avstad. Eg trur ikkje det gjekk meir enn fem minutt før han stod ute i tunet, seier Arne, som bur i Alvermarka.

Fascinerande samarbeid
Då sjukebilen kom, hadde Arne alt tatt til å frysa og kaldsveitta. I tillegg hadde brystsmertene vorte sterkare og han kjente ei svie ut i armen. Men trass i at tilstanden fort vart verre, var Arne medviten heile tida. Difor kan han fortelja kor profesjonelt det heile gjekk føre seg.
? Det var ein lege, fire ambulansearbeidarar og ein hospitant frå Statoil med i sjukebilen. Og dei var så profesjonelle og effektive at du vil ikkje tru det. Kommunikasjonen dei imellom var så innøvd at det ikkje gjekk eit sekund til spille. I tillegg hadde dei kommunikasjon med Haukeland heile tida. Det var utruleg flott å sjå kor godt samarbeidet verka. Eg følte meg heilt trygg, seier han.

Stod klare og venta
Frå Alvermarka til akuttmottaket på Haukeland tok det ifølgje loggen tjue minutt. Og dei var ikkje før komne innom dørene før to legar kasta seg over han som gribbar, som han uttrykkjer det.
? Dei stod faktisk klare med munnbind, hanskar og bedøving, seier han. Bedøvinga hadde knapt tatt til å verka før dei gjekk laus på den tette åra. Dette gjorde dei ved å stikka ein slags wire inn i hovudpulsåra frå lysken og opp til hjartet, forklarer han.
? Det pussige var at smertene forsvann momentant i det dei «blåste opp» den tette åra, seier Arne, som faktisk følte seg frisk nok til å reisa heim alt då han kom opp på overvakinga. Og dit kom han faktisk under to timar etter at han ringte legevakten.

Rett i speakerbua
Men noka heimreise vart ikkje aktuelt før måndag. For frisk er han ikkje, sjølv om han var tilbake i speakerbua på Knarvik Stadion alt dagen etter han vart utskriven.
? Eg for lov å bruka kjeften, men er sjukemeld frå jobben min som murmeister i alle fall ein månad framover, avsluttar han.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt