Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kunne sleppa fuglane fri

Del | |
RADØY: Laurdag var ein god dag for Leif Bognøy. Mattilsynet oppheva i førre veke restriksjonane om at høns må haldast innandørs, og Bognøy kunne sleppa hønsene ut i det fri.
Publisert 06.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Leif Bognøy og Nina Lilletvedt har over fleire år bygt opp eit flott område med ulike typar rasehøns, kalkunar, ender og gjess. På det meste hadde dei rundt 400 fuglar i eigne hønsehus med uteområde.
Mellom desse var fleire utryddingstruga rasar. Folk kom dit og kjøpte kyllingar eller berre for å sjå på fuglane. Dei leverte og rugeegg til oppdrettarar over heile landet.
Men så kom trusselen om fugleinfluensa. Det kom strenge restriksjonar, og dyra måtte flyttast innanndørs.

Måtte avliva
Bognøy og Lilletvedt måtte avliva dei fleste hønsene, då dei ikkje hadde plass til alle i løa. Dei visste heller ikkje om dei nokon gong kunne flytta dyra ut igjen.
? Det var ei fæl tid. Hadde det ikkje vore for samhaldet i Hordaland Rasefjørfeklubb, trur eg me hadde gjeve heilt opp, seier Bognøy.
Klubben hadde vel 70 medlemmer, men mange gav opp etter restriksjonane. Men dei er vel 50 medlemmer igjen, og Leif Bognøy er leiar for klubben.
? Me har mellom anna utflukter til andre hønsehaldarar og held kvarandre oppdaterte på ulike ting innan hønsehald, seier han.

Ingen fugleinfluensa
Årsaka til at Mattilsynet no tillet hønsehald i friluft, er at trekkfuglane no har kome til våre kantar, utan at det har vore utbrot av fugleinfluensa. Det einaste folk bør passa på, er at ikkje villfuglar kjem til der hønsene vert fora. Ein kan no ha hønsene i opne hønsegardar eller dei kan gå fritt på tunet, men foringa skal skje innandørs.
Bognøy trur likevel ikkje at det vert heilt som før. Det kan vera snakk om restriksjonar også seinare år i samband med at trekkfuglane kjem. Men han trur ikkje det vert så strengt som det har vore i vinter. Han vurderer likevel å byggja tett tak over hønsegardane.
I denne veka vert dei første kyllingane klekka på Boga. Bognøy og Lilletvedt vil difor truleg ha kyllingar for sal alt om kort tid. Men dyra har langt frå trivest så godt i eit trong løe som ute i det fri, så mange egg er nok ikkje frædde. Dei vil difor ha færre kyllingar til sals enn dei hadde tidlegare. Dei vonar likevel at dette raskt vil ta seg opp igjen.
Bognøy meiner folk ikkje treng å vera uroa over å halda høns no, berre dei tek nokre enkle førehandsreglar. Mellom anna bør dei kunna ha hønsene inanndørs i enkelte periodar. Gjennom Rasefjørfeklubben vert ein og oppdatert. Rundt 95 personar som har høns på hobbybasis har dessutan registert seg hjå det lokale Mattilsynet, og dei vil også halda hønsehaldarane oppdaterte.

Føre var
Bognøy har forståing for at Mattilsynet sette i gang restriksjonar i samband med den trusselen som dukka opp då dei fekk fugleinfluensa både i Sverige og Danmark. Han skjønar også at dei ville vera føre var, og innføra strenge reglar. Men etter kvart vil ein få meir rutine på dette, slik at reglane vert litt mindre strenge, meiner han. Men han meiner og at Mattilsynet kunne ha letta på reglane litt tidlegare i år.
? Om vinteren er det greitt nok for dyra å vera inne. Men på varme dagar har dei det ikkje godt inne i ei vanleg løe, seier han.
Det var ikkje berre hønsehaldarane som såg glade og nøgde ut på laurdag. Både høns og kalkunar som var på plass i hønsegardane att, virka svært nøgde med frisk luft og friskt vårgras. Folk som vil ta borna med og sjå på fuglane, er hjarteleg velkomne, seier Bognøy.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt