Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 
Kunst i sentrum

Kunst i sentrum

Del | |

GULEN: Heile tre blivande kunstnarar frå Gulen går vidare til neste runde av Ungdomens Kulturmønstring. Ei av dei er Hanne Napsøy med sine kunstnariske fotografi (bildet).

Publisert 14.02.12 09:41
Endret 14.02.12 09:40

– Eg fekk kamera til jul for eit par år sidan, og sidan har eg foto­grafert.

Eg har blant anna gått på kurs og lært meg å ikkje bruka autofunksjonane, fortel Hanne Napsøy.

Ho var ei av dei som kom vidare, som relaitivt fersk foto­graf.

Mønstringa i Gulen vart i stor grad prega av maleri og fotografi – utstillinga var svært imponerande, og dommarane må ha hatt ei stor utfordring med å velja ut dei heldige.

Dei utvalte vart Maria Eide og Hanne Napsøy med foto­grafi, Jardar Tveit med maleri – han vann og kunstnarstipend, Linnea Oppedal på piano, og Karoline Johansen og Marita Børnes, på vokal og piano.

Hard jobbing
Linnea Oppedal gjekk vidare denne gongen, etter at ho i 2010 vann kunstnarstipendet for pianospelinga si.

Den siste tida har ho jobba hardt for å koma vidare.

– Vanlegvis er det litt på og av, men denne veka har eg øvd kvar dag, fortel pianisten, som har spart stipendet sitt og plan­legg å bruka det på nettopp eit piano når ho byrjar på vidaregåande.

Stor variasjon
Rebecka Randal, leiaren i ungdomsrådet i Gulen, var godt nøgd med alle som opptrådde og viste fram kunsten sin laurdag. 

Ho har sjølv vore med to gonger, og veit altså kva ho snakkar om.

– Det var mange ulike framføringar i dag – det var svært spreidd, men alle var veldig flinke.

Marita og Karoline vann ipod i tillegg til å gå vidare, medan Jardar Tveit altså gjekk vidare i tillegg til å motta kunstnarstipendet på 3000 kroner for kunsten sin.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt