Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kva med all jorda?

Del | |
MELAND: Har du køyrd over Flatøy og undra deg over kvar i all verda den store jordhaugen kjem frå? Og kva skal all jorda brukast til? Strilen har svaret.STOR AKTIVITET: Lastebilane kjem med eit lass i timen, og det er i snitt åtte lastebilar som fraktar jorda frå Åsane. Til saman reknar Johan Sudmann med å ta imot over 1500 lass med jord.
Publisert 13.02.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Området skal ikkje verta campingplass eller bustadområde. Jorda er deportert frå Åsane og skal bli slåttemark i framtida. I alt skal heile 25 000 kubikk jord flyttast frå Åsane til Flatøy i tida framover. Jorda kjem frå eit område i nærleiken av Vestlandshallen, og vert flytta for å gjera plass til å bygga to fotballbaner.
­? At dei vil dumpa jorda akkurat på Flatøy har vel med at det kanskje er den næraste plassen. Det er ikkje så mange stader som tar imot så store masser lengre, seier Johan Albert Sudmann.
Gardbrukaren eig området der all jorda vert tippa. Tidlegare har han tatt imot jord frå utbygginga av både Knarvik Senter, Frank Mohn og Nordhordlandshallen. Jordmassane har no blitt til 30 mål dyrka mark, og med dei nye massane utvidar Sudmann enda meir.
? Området var eit skarva beite før. No håpar eg å få laga ei jamnare slåttemark av det, seier han.

Mykje arbeid
Før jordmassene vert slåttemark, må det planerast og dyrkast.
? No er det berre sørpe. Det er ikkje mogleg å gå uti eingong. Me har bygd demningar så ikkje massane skal fara på sjøen, seier han.
Det er ein del arbeid som føl med eit slikt prosjekt. Rivenes transport står bak transporteringa av jorda, men Sudmann må sjølv syta for tilrettelegging og planering.
? Eg håpar jo at den summen eg får for å ta imot massane vil dekka dei kostnadane eg har hatt, og kjem til å få i samband med dette, seier Sudmann.
Til no har han nytta 100 000 på å legga ein bekk i rør, og fleire utgifter vert det med planering og istandsetjing. No er Sudmann ute kvar kveld for å setja i stand vegen.
? Den vert ganske dårleg og sølete med så mykje tung trafikk, seier han.
Det har alt vore køyrd jord til Flatøy i fire-fem veker, og tippinga av jord vil halda fram til ut i februar ein gong.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt