Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kvalinvasjon i Austfjorden og Mangerfjorden

Del | |
LINDÅS/RADØY: Torsdag ettermiddag kokte det av kval i Austfjorden. Kanskje så mange som 50 dyr var på kortvarig visitt. ? Eit imponerande syn, synest Sondre Stall (20) som var ute og opplevde og fotograferte dei store skapningane i båt og på kort hald. Fredag ved 22.15-tida rapporterer Malvin Lunde frå Sætrevik at han er midt i ein stor kvalflokk mellom Toska og Kårbø. Eventuelle foto av kvalane kan sendast til Strilen. Tips kan ringjast inn til mobil 97 15 10 20.
Publisert 10.08.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det var ganske spennande å vera der ute, men kvalane var heilt rolege. Dei kom heilt opp til båten, fortel Sondre Stall (20) til Strilen.
Han saman med fleire andre gjekk ut i ein sjark då dei fekk høyra at det var kvalinvasjon i Austfjorden.
? Dei var på veg inn til Stall, men så snudde dei. Kanskje fordi me kom, seier han.
? Kvalane gjekk i flokkar på seks-sju dyr i kvar, og det var store og små. Ein del var heilt tydeleg ungar, seier Sondre.
Av og til kom kvalane susande rett opp gjennom sjøen og opp i lufta. Nokre av ungane hoppa nesten opp av sjøen.
Men Sondre kunne ikkje høyra at dei laga lydar og kommuniserte på den måten.

Snudde og for
Kvalane var i fjorden i eit par timar. Ved halvsekstida snudde dei og for ut at fjorden igjen.
? Då dei kom på høgde med Kjekallen, forsvann dei ganske raskt, seier Sondre.
Han trur kvalane følgde etter fisk inn i fjorden. I går var fjorden full av makrell og pir.
Det er ikkje så uvanleg at det er kval i Austfjorden, men det er uvanleg at det er så mange på ein gong.
? Eg har i alle fall ikkje sett så mange, seier Sondre.

Truleg grindkval
Sondre Stall og dei andre som var i båten, var ikkje sikre på kva slag kvalsort det var.
? Det var i alle fall ikkje spekkhoggar, men dei var litt lyse under buken, sier han.
Kvalane hadde ein heilt tydeleg ryggfinne, og Sondre trur dei største kunne vera opp mot sju meter lange.
Ved Havforskingsinstituttet får Strilen opplyst at det mest sannsynleg er snakk om grindkval.
? Ut frå bilda er det ikkje mogeleg å fastslå det heilt sikkert, men det er det mest sannsynlege. Men hannane der vert sjeldan over seks meter, seier forskar Gjermund Bøthun til Strilen.

Ny observasjon
? Det må vera minst 100 kvalar, truleg spekkhoggerar, melder ein opprømt Malvin Lunde fredag ved 22.15-tida. Han melde frå til Strilen sin tipstelefon 97 15 10 20 og  Tips kan ringjast vakttelefonen 9715 10 20.rapporterer frå ein sjark som er på veg mellom Toska og Kårbø i Meland. Lunde meiner flokken er på veg mot Bognøy.
Dersom det er same flokken som torsdag var innom Austfjorden, kan det vera grindkval.
Folk som har foto av kvalane, kan senda desse til redaksjon@strillen.no.




Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt