Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kvar 4. lindåsing stemte FRP

Del | |
I Lindås, stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter sin kommune, røysta kvar 4. veljar Frp ved årets stortingsval. Også i Austrheim, Radøy og Meland var oppslutninga om partiet over 20 prosent.
Av
Publisert 21.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:48
Valresultatet tyder dermed at kvar 4. eller 5. veljar i dei mest folketunge delane av Nordhordland satsa på Carl I. Hagens sitt parti denne gongen. Partiet har solid framgang i alle kommunane, og det same har valvinnar Ap.
Den største oppslutninga har Ap fått i Radøy med 795 røyster og 28,6 prosent. I Austrheim er partiet si oppslutning 25,5 prosent, i Meland 26,3 prosent og i Lindås 22,4 prosent.
Sjølv om det raudgrøne alternativet sigra og Jens Stoltenberg kan danna ny regjering, viser tala at det berre er ein soleklar raudgrøn kommunen i vår region, Gulen i Sogn og Fjordane. Der oppnår Ap, SV og Sp ein samla oppslutnnad på 56,3 prosent. Sp har ein kraftig framgang og er største parti med 26,7 prosent av røystene.
Dersom ein tek med RV, er også Masfjorden såvidt raudgrøn. Ap, SV og Sp har ein samla oppslutnad på 49,2 prosent, men 10 røyster på Torstein Dahle si liste fører prosenten opp i 50,2.

Her er tala:
Slik vart tala, kommune for kommune. Tala gjeld stemmer, prosent oppslutnad og pluss/minus frå 2001:
Lindås
Ap 1719 22,4 +7,8, SV 405 5,3 -2,7, RV 149 1,9 -0,1, Sp 668 8,7 +1,9, KrF 1140 14,8 -10,5, V 512 6,7 +2,3, H 1007 13,1 -4,1, Frp 1944 25,3 +7,3 Frammøte: 79,5 prosent.

Radøy
Ap 795 28,6 +7,7, SV 133 4,8 -2,7, RV 38 1,4 -0,2, SP 377 13,6 +1,3, KrF 329 11,8 -10,0, V 182 6,5 +1,7, H 262 9,4 -2,6, Frp 613 22,1 +6,7 Frammøte: 79,8 prosent.

Meland
Ap 889 26,3 +6,8, SV 185 5,5 -2,0, RV 62 1,8 -0,1, Sp 209 6,2 +0,6, KrF 530 15,7 -9,3, V 242 7,2 +1,9, H 489 14,5 -2,7, Frp 708 20,9 +6,3. Frammøte 81,1 prosent.

Masfjorden
Ap 291 28,2 +12,5, SV 44 4,3 -2,2, RV 10 1,0 0,0, Sp 177 17,2 +4,2, KrF 128 12,4 -13,9. V 62 6,0 +0,6, H 110 10,7 -4,9, Frp 189 18,3 +6,3. Frammøte 79,8 prosent.

Modalen
Ap 36 18,6 +2,7, SV 12 6,2 +0,3, RV 8 4,1 +1,8, Sp 35 18,0 +2,7, KrF 23 11,9 -12,3, V 20 10,3 +7,4, H 19 9,8 -2,6, Frp 37 19,1 +7,9. Frammøte 72,7 prosent.

Austrheim
Ap 385 25,5 +8,9, SV 45 3,0 -3,0, RV 18 1,2 -0,1, Sp 90 6,0 +1,4, KrF 187 12,4 -8,9, V 99 6,6 +2,9, H 288 19,1 -6,5, Frp 365 24,2 +7,3. Frammøte 79,2.

Fedje
Ap 112 26,9 +8,0, SV 12 2,9 -1,9, RV 6 1,4 -0,2, Sp 10 2,4 +1,3, KrF 86 20,7 -9,5, V 14 3,4 -0,3, H 60 14,4 -7,3, Frp 71 17,1 +11,6. Frammøte: 84,2 prosent.

Gulen
Ap 335 23,4 +8,3, SV 89 6,2 -2,5, RV 6 0,4 -0,1, Sp 382 26,7 +8,4, KrF 177 12,4 -12,8, V 79 5,5 +2,1, H 120 8,4 -6,7, Frp 218 15,2 +6,8. Frammøte 78,5 prosent.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt