Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kvart år vert 153 skadde av fyrverkeri

Del | |
I fjor vart 153 personar skadde i Noreg i samband med bruk av fyrverkeri. Branninspektør Leif-Atle Træland i NGIB ber folk vera varsame.
Publisert 29.12.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det er viktig å hugsa på at dette er snakk om eksplosivar, og dei må handterast deretter, seier Træland.
Folk som skal skyta opp fyrverkeri på nyttårsaftan må vera edrue, over 18 år og bruka vernebriller. Det vert delt ut gratis vernebriller under salet av fyrverkeri i år. Det er og viktig at rakettane vert retta mot ope lende, ikkje mot eit område med bygningar eller der det kan vera folk. Det må lagast ein utskytingsrampe som er solid, slik at ein har kontroll på kvar rakettane går. Dette kan vera ei flaske plassert i ein bruskasse, godt plassert i snø eller på annan måte. Ein kan også bruka eit røyr. Rakettpinnen må gli lett ut av røyret, slik at raketten ikkje eksploderer på bakken. Dette er nokre av dei viktigaste reglane ved oppskyting av rakettar, men ein må følgja det andre som står på brukarrettleiinga.
? Dersom ein har tend ein rakett og ingenting skjer, bør ein venta ein halv time før ein går bort til raketten og sjekkar, seier Træland.
Rakettar som ikkje tenner første gong, må ein ikkje forsøka å tenna på nytt. Då kan raketten gå av med det same. Dei fleste skadar i samband med fyrverkeri skjer i samband med bruk av rakettar. Desse kan velta under avfyring, endra kurs i lufta eller at dei vert brukte på feil måte.

Avgrensa salsperiode
22 av dei 153 personskadane i landet i fjor, skjedde i Hordaland. Som ei prøveordning i Rogaland og Hordaland er det berre lov å selja fyrverkeri to dagar i romjula. Ordninga fungerte også i fjor, og Træland seier at dette medførte færre skadar og ein klar nedgang i bruk av fyrverkeri utanom perioden då dette er lovleg. Bruk av fyrverkeri skal ein i utgangspunktet ha løyve til frå politiet, men mange kommunar har opna for at privatpersonar kan bruka fyrverkeri utan politiløyve i perioden etter klokka 18.00 nyttårsaftan og fram til klokka 02.00 1. nyttårsdag. Det er berre i dette tidsrommet det er lov å bruka fyrverkeri. Men før avgrensinga i salsperioden har det smelle stort sett gjennom heile romjula.
 ? Dette var ikkje berre eit problem i høve skadar. Men mange vart også plaga av dette bråket, ikkje minst husdyr, seier Træland.

Ein halv milliard
I tillegg til alle personskadane i samband med bruk av fyrverkeri, meiner Træland at det oppstår skadar på bygningar og anna for rundt 100 millionar kroner kvart år i Noreg. Reknar ein med dei rundt 350 millionar kronene folk kjøper fyrverkeri for, går det altså med rundt ein halv milliard kroner kvart år i samband med fyrverkeribruk nyttårsaftan, påpeikar Træland.
Han viser til ein artikkel i bladet Samfunnssikkerhet, der dei viser til ei MMI-måling. Der går det fram av sju av ti ønskjer avgrensingar i privatpersonar sin moglegheiter for å bruka fyrverkeri, medan fire av ti ønskjer forbod.
Træland er personleg for eit forbod mot at kven som helst kan kjøpa og bruka fyrverkeri, og ville heller hatt ei samla oppskyting i regi av det offentlege. Men ei slikt forbod ser ikkje ut til å koma med det første, og det er også usikkert om prøveordninga med avgrensing av salsperioden vil halda fram. Ein er difor heilt avhengig av at folk er varsame, viser omsyn og følgjer dei retningslinjene som gjeld i samband med bruk av fyrverkeri.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt