Kvesser knivane mot luftspenn
Endret 20.08.07 10:49
Det er det blåe alternativet på BKK sitt kart over Radøy som vil råka Gjerde og fleire andre gardbrukarar på Straume.
? Dei seier at det er det minste aktuelle alternativet, har Gjerde notert seg. Så naturleg nok håpar han at det vil slå til.
? Nedgraving kan vera greitt, men kanskje ikkje alltid over innmark. Det kan skapa problem for kanalar og grøfting som alt er der, seier Gjerde.
Torsdag ettermiddag viser han og Werner Birkeland Strilen kor ei kraftline kan koma etter BKK sine alternativ.
Før det har Birkeland, som er grunneigar på Soltveit, studert kartet Strilen har med.
Kan råka Straume
? For min del ser det greitt ut etter dei alternativa som er
teikna inn. Eit alternativ går på sørsida av meg og dei andre nordom, seier
Birkeland. Han ser av kartet at det sørlege alternativet vil gå ein god del
gjennom utmark.
Sjølv om grensene mellom grunneigarane ikkje går fram av kartet, finn Birkeland nokså fort ut kva alternativ som kan råka innmark.
? På Staume kan eitt av alternativa gå over innmarka til fleire grunneigarar, blant anna Audun Gjerde, seier Birkeland.
Gjerde, som er utdanna tømrar, vert sport opp medan han er i ferd med å avslutta arbeidsdagen på tidlegare Nordanger handelslag. Bygget er i ferd med å verta ombygd til fire leilegheiter.
Og Gjerde har sett kartet me har med oss, på trykk i Strilen. Det blå alternativet kan gå over både han og kanskje tre andre gardbrukarar på Straume.
- Vert skjemmande
Både Gjerde og Birkeland trur motstanden kan verta heftig dersom BKK vil køyra gjennom planane om luftspenn.
? Terrenget er lågt på den nordlege delen av Radøy. Eit stort luftspenn vil verta skjemmande i terrenget, seier Werner Birkeland.
Han viser til at frå austsida på øya, over Nordanger og mot Bø også er eit flott utmarskområde.
? Eg går sjølv ein god del på tur i dette området, seier Birkeland.
Hemmar utnytting
Birkeland legg heller ikkje skjul på at han har notert seg faren for helseskadar for dei som bur nær kraftlinjer.
? Eg har sjølv vener i regionen som bur nær ei kraftlinje. Dersom dei hadde visst det dei veit no, ville dei aldri busett seg der, seier Birkjeland.
Både han og grunneigar Audun Gjerde viser og til at eit luftspenn kan koma til å kryssa areal aust på Radøy som ligg fint til mot sjøen.
Begge viser til at landbruket kan ha ei usikker framtid.
Difor kan utmarksareal kanskje verta frigjort til hyttebygging sjølv om dette er vanskeleg å få til i dag.
Men luftspenn eignar seg ikkje særleg godt for å få til hyttefelt, antydar dei to.
Råd til politikarane
? Eg trur ikkje grunneigarane vil gå mot nedgraving av ei kraftline. Ved eit luftspenn ville i alle høve eg ha ytt nokså heftig motstand, seier Werner Birkeland.
Hans råd til politikarane i Radøy er klinkande klart:
? Dei må pressa BKK til å leggja ei høgspentlinje i kabel.
Og det er eit råd i alle høve ordførar Olav Steinar Namtvedt (Sp) vil lytta til.
? Me vil nok be om nedgraving av linja, seier Namtvedt i ein kort kommentar til Strilen under kommunestyret sitt budsjettmøte. Han viser til at den kortaste traseen berre vil gå 13 kilometer over land på Radøy.
? Då skjønar eg ikkje korleis BKK kan rekna seg fram til at det vil kosta 300 millionar kroner ekstra, seier Namtvedt. Han ser fram til å få nærare informasjon frå BKK på informasjonsmøtet som skal vera på Sletta onsdag, på Samfunnshuset Skogen.
I annonsa laurdag år det fram at møtet er flytta fram ein time i høve til første kunngjeringa.
På torsdag kveld er det møte i Haugatun på Lindås, for kommunane Lindås og Austrheim.
Næringslivet ser mørkare på framtida
Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.
Byter papir med nettbrett
I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.
Tryggare med ny omsorgsteknologi
SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.
Trur Grieg ville likt seg
RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.
Siste kortnytt
- Innbrot i båt [22.05.12 10:03]
- Bil i bil, men ingen skadde [22.05.12 10:03]
- Ferska tjuvane [22.05.12 10:01]
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
- Stoltenberg opna TCM [07.05.12 15:13]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]





