Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kvikksølvfunn ved U-864

Del | |
SKRUDDE KORKEN AV: Denne kvikksølvbehaldaren som søndag vart teken opp frå U864 var tett, og i så god stand at korken kunne skruast av. (Foto: Jan Helge Romarheim, Franzefoss Gjenvinning AS)
Av
Publisert 21.10.05 00:00
Endret 20.08.07 10:48

Flaska
vart funne liggjande laust i nærleiken av akterkjølen, og etter at flaska vart teken opp viste den seg å vera i god stand. - Det gjekk å skru korken av behaldaren, og kvikksølvet vart tømt over i annan emballasje, opplyser informasjonsrådgjevar Tine Randen i Kystverket. Med funnet av denne flaska er det endeleg bevist at U864 var lasta med kvikksølv, slik ein ut frå papir om planlagd last har rekna med. Sjølve lastedokumenta for denne ubåten forsvann då krigen tok slutt. Skipet Geo Bay, som med fjernstyrt undervassbåt har kartlagt vraket og leita etter kvikksølv, har no reist frå Fedje. - Geo Bay reiste frå staden måndag klokka 14.15.

Dårleg ver
Veret var no så dårleg med mykje vind, seier inforådgjevar Randen. Geo Bay kjem ikkje attende til Fedje for å gjera vidare undersøkingar, det arbeidet som er gjort no vil utgjera grunnlaget for rapporten som no skal lagast. I tillegg til å leita etter kvikksølvflasker skulle ein i denne omgang også kontrollera kor vidt skroget på det tyske ubåtvraket ville tola ei heving. Randen kunne måndag ikkje svara på om ein hadde fått kontrollert skroget. Det er verksemda Geoconsult som har oppdraget med å kartlegga vraket av U864, og dei har hatt med seg Franzefoss Gjenvinning AS for handsaming av kvikksølv. Kvikksølvet vart teke i land på CCB-basen på Ågotnes. Geo Bay har funne delar av det tidlegare sakna midtpartiet av ubåten, som vart sprengt i filler då U864 vart torpedert. Men kjølen til midtpartiet er ikkje funnen, og dersom det stemmer at ubåten hadde 65 tonn kvikksølv lasta i kjølen inneber det at inntil fem tonn kvikksølv kan vera sprengt vekk. 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt