Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kvinne funnen død i fjellet

Del | |
MASFJORDEN: Ei kvinne i slutten av 70-åra vart tysdag kveld funnen død på ein fjellesti i Masfjorden. Det er ikkje mistanke om noko kriminelt i saka.
Publisert 11.07.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det var ein lokal mann som fann kvinna ved åttetida tysdag kveld på stien i Nordlandsdalen eit stykke oppom Andvik. På grunn av dårleg mobildekning tok det litt tid før han fekk varsla politiet, og kvinna vart henta ned med Luftambulansen, men ho har truleg vore død nokre timar då ho vart funnen.
? Ho har sikkert falle om på stien. Det er ikkje rett at ho har falle utfor ein skrent, slik det har stått i media, seier fungerande lensmann Bernhard Krokås i Masfjorden til Strilen.

Godt kjend
Kvinna, som heiter Helene Hodneland, men vart kalla Mosse,  budde på Hodneland i Lindås. Ho var i slutten av 70-åra, og var svært godt kjend i området der ho vart funnen. Ho hadde vore i fjellet nokre dagar, men hadde sagt frå til familien at ho tenkte seg heim att ein av dei første dagane.
Det er uvisst kor lenge ho har lege på stien, men det gjekk folk forbi der søndag, fortel Krokås.
Han seier alt tyder på at det var eit naturleg dødsfall, og det er ingen mistanke om noko kriminelt.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt