Innbrot i båt

GAULEN: Nokon har brote seg inn i ein 35-fots båt i Gaulen. Båten låg fortøydd i Fjellangsvågen i nærleiken av Vågseidet.

[22.05.12 10:03]

Bil i bil, men ingen skadde

ISDALSTØ: Ein personbil kjørte inn i sida på ein annan 100 meter nord for rundkjøringa i Isdalstø måndag morgon.

[22.05.12 10:03]

Ferska tjuvane

KNARVIK: Fredag ettermiddag i 17-tida fekk politiet melding om at personar i ein utanlandskregistrert Volkswagen Caravelle forsøkte å stela ein tilhengar i Knarvik, som var lasta med byggjevarer.

[22.05.12 10:01]
Brukernavn 
Passord 

Kvinne pårygga og skadd i Knarvik

Del | |
LINDÅS: Ei kvinne vart skadd i hovudet ved ei trafikkulukke i Knarvik ved 14.30-tida tysdag. Kvinna vart pårygga av ein bil då ho skulle kryssa vegen. Her vert kvinna henta av ein lokal ambulanse.
Publisert 06.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Haukeland Sjukehus opplyser onsdag morgon at det berre var snakk om lettare skadar. Kvinna låg då på nevrokirurgisk avdeling , opplyser Mona Høgli ved sjukehuset si info.avdeling. Den skadde kvinna er litt over 60 år.
Ulukka skjedde på E39 ved den tidlegare busslomma framfor Knarvik Senter.

Raskt på plass
? Me høyrde berre ein smell, seier Olav Sylta og Bente Kvinge i Gjensidige. Dei stod streikevakt utanfor kontoret i Knarvik. Ein person i andre høgda i bygget ropte at nokon måtte hjelpa kvinna. Dei to frå Gjensidige var dermed på pletten berre få sekund etterpå.
? Eg høyrde ein bil som rygga fort, og deretter kom smellen, seier ein næringsdrivande i eitt av nabobygga.
Kvinna hadde fått eit slag i bakhovudet i det ho skulle kryssa den trafikkerte E39. Bakruta vart knust då kvinna vart truffen.

? Bruk undergangen!
Folk frå Lindås og Meland lensmannskontor kom til og tok opp forklaring etter at den skadde kvinna hadde vorte køyrd vekk i ambulanse.
? Oppmodinga må sjølvsagt vera at fotgjengarar på denne sterkt trafikkerte staden må bruka undergangen like ved. Likevel er det klart at bilisten ikkje var aktsam nok, seier politibetjent Terje Hilland ved Lindås og Meland lensmannskontor. Bilføraren, ein mann mellom 35 og 40 år, har forklart til politiet at han stoppa og rygga etter å ha kjent att ein person som stod og haika.
? Føraren er også tatt til lege for sjekk av medikamentbruk. Uansett kva prøvane måtte visa, må mannen rekna med eit førelegg på fleire tusen kroner. Vegtrafikklova set svært strenge krav til å forvissa seg om at det er klar bane når ein ryggar, påpeikar Hilland.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Næringslivet ser ­mørkare på framtida

Skal ein tru på det siste næringsbarometeret for Hordaland, er optimismen hos næringslivet i Nordhordland i sterk tilbakegang.

    Byter papir med nettbrett

    Byter papir med nettbrett

    I løpet av året skal politikarane i Meland byta ut papirbunkar med nettbrett. Slik håpar ein å spara både tid og pengar.

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      Tryggare med ny omsorgsteknologi

      SEIM: – Det betyr alt for meg å få bu heime, seier Anna Haukås. Med sensorar rundt i ­bustaden kan ho kjenna seg tryggare heime.

        Trur Grieg ville likt seg

        Trur Grieg ville likt seg

        RADØY: – Grieg sine samlingar med lyriske stykke er som vitaminar me treng å høyra kvar dag.

          Mobilbruk lagar misnøye

          Mobilbruk lagar misnøye

          På Matre vil rektor skjerpa inn reglane for mobilbruk, noko som har skapt reaksjonar. Praksis rundt om på skulane er ulik.

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

            Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

              Siste kortnytt